Patent Prosecution Highway (PPH)

PPH gir deg moglegheit til å få ei raskare behandling av patentsøknaden din, viss ei patentmyndigheit som er med i PPH-ordninga allereie har gjort ei patenterbarheitsvurdering av same oppfinning.

Søknad om PPH-behandling

Skjema: Søknad om PPH-behandling (PDF) (Request for participation in the patent prosecution highway (PPH) pilot program)

NB: PDF-skjemaet kan dessverre ikkje fyllast ut elektronisk.

Skjemaet er også tilgjengeleg i Word-format.

Om PPH

PPH-ordninga er ei samarbeidsavtale mellom patentmyndigheiter om bruk av kvarandre sine uttalingar om patenterbarheit i eiga vurdering.

PPH er utarbeidd for å innfri patentsøkarar sine behov for raskare søknadsbehandling. Og ønsket om at patentmyndigheitene samarbeider meir for å sikre kvalitet og effektivitet ved behandling av patentsøknadar.

Ei PPH-behandling inneber at ein patentsøkar kan be ei patentmyndigheit om ei raskare saksbehandling av søknaden sin, når ei samarbeidande patentmyndigheit allereie har funne dei tilsvarande krava patenterbare. PPH-behandling kan berre gjerast på bakgrunn av ei patenterbarheitsvurdering gjort av ei samarbeidande patentmyndigheit, vurdering frå andre patentmyndigheiter kan ikkje benyttast.

Når ei PPH-behandling utførast, vil gransking og vurdering som allereie er gjort bli brukt i saksbehandlinga. Det blir likevel gjort ei sjølvstendig nasjonal realitetsbehandling i samsvar med nasjonalt regelverk og nasjonal praksis.

Patentstyret tar sikte på å begynne saksbehandlinga og sende første realitetsuttaling innan 3 månader etter at søknaden om PPH-behandling blei levert.

Ved søknad om PPH-behandling må patentkrava vere tilsvarande eller snevrare i omfang enn krava som den andre patentmyndigheita har vurdert som patenterbare. Ein søknad der vi allereie har begynt realitetsbehandlinga kan ikkje bli behandla i PPH-ordninga.

Det er inga avgift ved PPH i Noreg.

Global PPH (GPPH)

Patentmyndigheiter som er med i den Globale PPH-ordninga per 1. januar 2020. Patentstyret og Nordisk Patentinstitutt (NPI) er blant desse.

Følgjande myndigheiter er med: 

Les meir om Global PPH på nettsidene til:

Pilotavtale om PPH mellom Norge og Kina

Frå og med 1. april 2020 er ein pilotavtale om PPH mellom Norge og Kina i kraft. 

Vilkåra for å be om PPH ved levering av patentsøknad til den kinesiske patentmyndigheita (CNIPA) (PDF)

Vilkåra for å be om PPH-behandling ved levering av patentsøknad til Patentstyret (PDF)

PPH og PCT

Nokre av dei samarbeidende patentmyndigheitene er også PCT-myndigheiter. Positive granskingsuttalingar frå desse internasjonale PCT-myndigheitene kan brukast hos nasjonale myndigheiter som er med i PPH-ordninga og motsett.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Patentjuridisk seksjon v/seksjonssjef Marianne Rørvik, e-post: mro@patentstyret.no.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: