Representasjonsreglar overfor EPO
Eigenrepresentasjon
Det er ikkje fullmektigplikt for søkjarar frå EPC-medlemsland. Noreg er medlem av EPC (European Patent Convention). Alle fysiske og juridiske personar som har bopel eller hovudforretningsadresse i et EPC-medlemsland kan sjølv føre saka si overfor EPO. Regelen om eigenrepresentasjon gjeld alle forhold ved saka.
Representasjon ved ein tilsett
Eigenrepresentasjon inneber også at tilsette kan opptre på vegner av føretaket. Den aktuelle tilsette må i tilfelle ha fullmakt frå signaturberettiga i føretaket til å opptre på vegner av det i patentsaker (konkret fullmakt eller generalfullmakt).
Regelen om eigenrepresentasjon tillet ikkje at ein som tilsett i eit morselskap kan representere datterselskap i patentsaker der det er datterselskapet som står som eigar av rettene.
Representasjon ved patentfullmektig
For å kunne representere ein patentsøkjar overfor EPO, må ein vere oppført på lista over autoriserte fullmektigar.
Borgarar av ein medlemsstat kan krevje å bli oppført på lista etter å ha bestått ein eksamen kalla European Qualifying Exam (EQE).
Meir informasjon på EPO sine nettsider:
Informasjon om European Qualifying Exam - EQE
Liste over autoriserte fullmektigar, inkludert dei norske
Representasjon ved ein advokat med norsk advokatbevilling
Praktiserande advokatar med norsk advokatbevilling treng ikkje å vere autorisert og kan representere klientar overfor EPO. Desse vil ikkje kome på lista over autoriserte fullmektigar.
Den aktuelle advokaten må ha fullmakt frå sin klient (konkret fullmakt eller generalfullmakt).
Kvalitetsarbeid i EPO
EPO har utarbeidt ei handbok i samarbeid med sine brukarar, spesielt EPI og BusinessEurope. Handboka er tilgjengeleg på EPO sin nettstad.
Handbook of quality procedures before the EPO
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Juridisk-politisk stab:
- Vegar Johnsrud, e-post: vjo@patentstyret.no
- Jostein Sandvik, e-post: jsa@patentstyret.no