Søk patent i fleire land
Det finst inga myndigheit som kan gi verdspatent. Eit patent er ein nasjonal rett. Eit patent gir deg berre rettar i det landet du har fått patent i.
Viss du ønskjer å søkje patent i fleire land, har du fleire val:
- du kan først søkje i Noreg og deretter søkje i andre land med utgangspunkt (prioritet) i den norske søknaden
- du kan levere ein patentsøknad til den nasjonale myndigheita i kvart enkelt land du ønskjer patentvern i
- du kan benytte deg av internasjonale eller regionale ordningar som gjer det mogleg å søkje patent i fleire land samtidig
- du kan søkje i eit anna land først og deretter søkje i Noreg (eventuelt andre land) med utgangspunkt (prioritet) i den første søknaden.
For ikkje å bruke tid og pengar på å søkje vern i andre land av oppfinningar som viser seg ikkje å vere patenterbare, anbefaler vi å starte med å levere ein patentsøknad til Patentstyret. Innan 7 månader frå du leverer søknaden, vil du motta eit svar med ei utsegn om patenterbarheita. Utsegna kan gi deg ein god indikasjon på utfallet av ein patentsøknad i andre land.
Prioritet
Viss du har søkt patent i eitt land (for eksempel Noreg) og ønskjer å søkje patent i fleire land, må du passe på å søkje innan 12 månader frå du leverte søknaden i det første landet. Da kan du krevje prioritet frå den første søknaden (prioritetssøknaden).
Prioritet inneber at søknaden din får rettar frå den dagen du søkte i Noreg også i dei andre landa du søkjer. Viss andre har søkt patent på ei tilsvarande oppfinning i løpet av denne 12-månadsperioden, vil søknaden din gå føre på grunn av eldre prioritet (du var tidlegare ute med din patentsøknad). Prioritet inneber også at spørsmålet om oppfinninga er ny og har oppfinningshøgd vurderast ut frå situasjon på prioritetsdagen.
Du kan krevje prioritet frå den første søknaden (prioritetssøknaden) samtidig som du leverer søknaden i utlandet innan tolv månader, eller sende inn prioritetskravet innan fristen i det enkelte landet.
Du må også levere eit prioritetsbevis. Patentstyret lager eit slikt prioritetsbevis mot eit fastsett gebyr. Du kan bestille prioritetsbevis via Altinn , eller via e-post: post@patentstyret.no.
Viss prioritetsåret er gått ut, vil du som regel ikkje kunne krevje prioritet frå den første søknaden når du søkjer patent i andre land. I nokre land er det likevel mogleg på visse vilkår å få prioritet på ein søknad som er levert opptil to månader for seint.
Du må halde oppfinninga di hemmeleg
Oppfinninga di må ikkje gjerast kjent for andre før du har levert ein patentsøknad. Ei oppfinning som har vore vist på ei messe, omtala i tidsskrift, avis eller er publisert på anna vis er gjort kjent for andre. Ein patentsøknad blir publisert 18 månader etter at den er levert. Pass på å ikkje offentleggjere oppfinninga di før du har søkt i alle landa du vil søkje i. I nokre land kan det gjelde andre reglar, til dømes skånefrist (grace period).
Forsvarsviktige oppfinningar
Ei forsvarsviktig oppfinning er ei oppfinning som er av ein slik karakter at den reknast å bety noko for riket sitt forsvar, til dømes krigsmateriell. Slike oppfinningar blir hemmeleghelde.
Viss du ønskjer å søkje patent i utlandet på ei forsvarsviktig oppfinning må du ta kontakt med Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) for avklaring. Dette må du gjere i god tid før du skal levere søknaden i det enkelte landet.
Du kan ikkje bruke det internasjonale patentsystemet (PCT) eller det europeiske patentsystemet (EPC), fordi ingen av desse systema gjer det mogleg halde søknadar hemmeleg.
Profesjonell hjelp i søknadsprosessen
Vi anbefaler å benytte profesjonell hjelp når du skal planlegge og gjennomføre ein søknadsprosess i Noreg og i utlandet, slik at du oppnår best moglege rettar til oppfinninga di. Prosessen kan vere komplekst for uerfarne søkjarar.
- Oversikt over profesjonelle patentbyrå på nettstaden iprhjelp.no.
- Les meir om korleis eit patentbyrå kan hjelpe deg
Portal for små og mellomstore bedrifter
USA og EU har samarbeidd om ein portal for små og mellomstore bedrifter (SMBs). Portalen inneheld opplysningar og nyttige lenkjer om vern av industrielle rettar (patent, varemerke og design) for bedrifter som ønskjer å kome inn i utanlandske marknader rundt om i verda. Målgruppa er bedrifter i USA og EU, men norske bedrifter vil også finne nyttig informasjon i TransAtlantic IPR Portal.
Innovasjon Noreg
Innovasjon Noreg kan hjelpe deg med å etablere deg utanlands.