Søk patent i Noreg

For å søkje om patent i Noreg for oppfinninga di, leverer du ein søknad til Patentstyret.

Søk patent med søknadsvegvisaren

Anbefalt for private søkjarar, gründerar og små og mellomstore bedrifter (SMB'er).

Gjennom søknadsvegvisaren kan du skrive og sende søknaden din, betale og få kvittering i ein operasjon. Her vil kvitteringa vere tilgjengeleg i ettertid. Undervegs i prosessen får du nyttige tips og alt du gjer blir lagra.

Når du har levert søknaden din, vil all vidare korrespondanse i søknadsbehandlinga mellom deg og oss skje digitalt. Brev vil bli tilgjengeleg under "Mine meldingar" og i meldingsboksen din i Altinn.

Har du allereie starta ein søknad eller sendt ein søknad?

Gå til «Mine søknader under arbeid eller sendte søknader»

Andre måtar å søkje patent på

  1. Dersom du ønskjer å søkje via Altinn, eller skal søkje om fellesmerke eller eit utradisjonelt varemerke (for eksempel lydmerke eller tre-dimensjonalt), kan du bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn. Her kan du betale online eller velje å få faktura tilsende.
    Søk via Altinn
  2. Har du ikkje norsk personnummer?
    For å sende inn søknaden via søknadsvegvisaren eller Altinn må du ha eit norsk personnummer. Dersom du ikkje har eit slikt nummer, må du bruke søknadsskjemaet i PDF- eller ODT-format. Dette skjemaet skal skrivast ut og sendast til Patentstyret med vanleg post, eller som vedlegg til e-post.
    Lenke til PDF- og ODT-skjema

Har du vedlegg til den elektroniske søknaden?

Viss du har vedlegg til den elektroniske søknaden din, er det viktig å velje riktig dokumentformat, slik at Patentstyret kan åpne dokumenta dine.
Les meir om dokumentformater eller filtyper (PDF-fil)

Skal du sende oss eit brev i ein søknad eller registrering?

Vi tilrår at du bruker skjemaet for korrespondanse i Altinn. Du får kvittering umiddelbart.

Altinn: korrespondanse til Patentstyret

Viss du ikkje kan bruke Altinn av ulike grunnar, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no

Søknaden skal innehalde

  • Forklaring: Forklaringa skal vere så tydeleg at ein fagperson skal kunne utøve oppfinninga på grunnlag av den. Den bør også innehalde døme på ulike utføringsformer av oppfinninga, viss dette er relevant.
  • Patentkrav: ei bestemt skildring eller forklaring av kva du søkjer patent på.
  • Samandrag: eit kort samandrag av forklaringa og patentkrava. Samandraget har ingen funksjon når det gjeld eit eventuelt patentvern, men skal berre tene som teknisk informasjon.
  • Teikningar: Søknaden skal også innehalde teikningar viss det er nødvendig for forståinga. 

Det er viktig at søknaden din er korrekt og fullstendig når du leverer den inn. Du kan ikkje endre den seinare til å omfatte noko som ikkje framgjekk av søknaden då han blei innlevert.

Du kan ikkje søkje patent på fleire ulike oppfinningar i same søknad. Du må sende inn éin søknad for kvar oppfinning.

Språk

Språk i søknaden: Du kan levere inn søknaden din på norsk eller engelsk. Det er viktig å merke seg at det språkvalget du gjer ved innlevering av søknaden til Patentstyret ikkje kan endrast. Viss du leverer inn søknaden din på engelsk, vil patentet bli meddelt på engelsk. For å oppnå provisorisk vern for ein engelsk patentsøknad, må du omsetje patentkrava til norsk og dei må vere kunngjorde av Patentstyret.

Språk i saksbehandlinga: Patentstyret bruker norsk i saksbehandlinga, men saksbehandlinga  kan foregå på engelsk viss du leverer patentsøknaden på engelsk og ber om engelsk saksbehandling. Du kan også be om engelsk saksbehandling når du leverer inn søknaden på norsk, da skal Patentstyret skrive realitetsfråsegn og granskningsrapport på engelsk.
Les meir om språkkrav

Provisorisk vern for patentsøknaden din

Du får provisorisk vern for patentsøknaden din når søknaden er gjort allment tilgjengeleg, det vil seie 18 månader etter at du leverte inn søknaden din (eventuelt frå prioritetsdagen). Viss du ber om at søknadsdokumenta gjerast allment tilgjengeleg tidlegare enn 18 månader, vil du få provisorisk vern frå dette tidlegare tidspunktet.

Viss du leverer inn patentsøknaden din på engelsk, må du sende inn ei omsetjing av krava til norsk for å oppnå provisorisk vern i Noreg.
Les mer om provisorisk vern

Kor lenge varar eit patent?

Eit patent kan oppretthaldast i inntil 20 år fra den dagen du leverer inn ein søknad, så lenge du betaler årsavgifter. Du må betale ei årsavgift for kvart år. Viss du ikkje betaler dei nødvendige avgiftene, opphøyrer patentet.
Oversikt over avgiftene
Les meir om årsavgifter og fornying av et patent

For legemidddel og plantefarmasøytiske produkt, kan du i visse tilfelle søkje om inntil fem års forlenging av vernetide ved å søkje om supplerande vernesertifikat (SPC).
Les mer om supplerande vernesertifikat (SPC)
SPC-søknadsskjema (PDF-fil)

Etter at eit patent er opphøyrt, har alle rett til å utnytte oppfinninga di. I visse tilfelle kan likevel andre sin rett til å utnytte patentet vere begrenset av annan lovgiving. Det kan til dømes stride mot god forretningsskikk etter marknadsføringslova, eller ha krav på opphavsrettsleg vern.

Skjema

Følgjande skjema finn du i PDF-format på sida Skjema:

  • Erklæring om retten til oppfinning
  • SPC-skjema for farmasøytiske produkt
  • Innlevering av oversatte dokument ved validering av EP-patent
  • Krav om anmerking av pant
  • melding om overdragingfusjon
  • fullmakt
  • namne-/adresseendring
  • melding om lisens
  • andre endringar

Profesjonell hjelp i søknadsprosessen

Patentering er eit komplekst fagfelt der det er lett å trø feil. Viss du har lite erfaring med patentering eller har lita tid til å arbeide med søknadsprosessen, bør du vurdere å bruke eit profesjonelt patentbyrå (også kalt fullmektig). Eit patentbyrå kan hjelpe deg med blant anna utarbeiding og formuleringa av patentsøknaden din. Det er ein del strenge krav og tidsfrister i saksbehandlingsprosessen for patent. Patentbyrået vil kunne bistå med oppfølging av desse, samt diverse innbetalingar som til dømes årsavgifter.

Oversikt over fullmektigar på nettstaden iprhjelp.no: Rådgivardatabasen

Les meir om korleis eit patentbyrå kan hjelpe deg med prosessen.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: