Søknadsprosessen - patent

Dei første 18 månadene etter at du har sendt inn søknaden din til Patentstyret, er det berre du og din eventuelle fullmektig som kan få informasjon om søknaden.

Følg saka    

Etter 18 månader blir søknaden publisert og både du og andre kan følgje med på han i søkjetenesta vår, der alle offentlege dokument blir lagt inn.
Følgj saka din i søkjetenesta vår.

Betaling for søknaden

Du kan enkelt betale søknadsgebyret samtidig som du leverer inn søknaden via søknadsvegvisaren vår eller via Altinn. Alternativt sender vi deg ein faktura for søknadsgebyret innan 10 vyrkedagar etter at du har levert inn søknaden. Du får 4 vekers frist til å betale. Viss du ikkje betalar innan fristen, vil søknaden bli henlagt.

Utanlandske kunder uten norsk personnummer må bruke egne skjema. Les meir om dette (informasjon på engelsk)

Behandling av søknaden

  • Viss søknaden er formelt i orden og søknadsgebyret er betalt, vil du innan 7 månader frå innlevering av søknaden få ei første vurdering av patenterbarheit frå Patentstyret.
  • Saksbehandlaren vil opplyse om oppfinninga di kan reknast som ny, og om ho har oppfinningshøgd slik at vi kan gi patentvern.
  • Viss det er manglar eller feil i søknaden, vil desse også bli kommentert i den første utgreiinga du mottar frå oss.
  • I utgreiinga vil vi forklare kva du som søkjar eller fullmektigen din må gjere innan ein gitt frist. Viss vi ikkje mottek svar innan fristen blir søknaden din henlagt.
  • Viss du, seinast innan fire månader etter fristen, likevel svarer og gjer det vi ba om i utgreiinga, kan søknaden din gjenopptakast.
  • Viss du har svart innan fristen, men vi vurderer at søknaden fortsatt ikkje kan godkjennast, vil saksbehandlaren sende deg ei ytterlegare ugreiinga om kva som må endrast for at søknaden skal kunne godkjennast eller kvifor han ikkje kan godkjennast og vil bli avslått.

Sjå tidslinje over søknadsprosessen.

Sjå status for saksbehandlinga av patentsøknader (oppdateres kvart tertial)

Å søkje patent i fleire land

Før du vel å søkje patent i fleire land, bør du vurdere nøye i kva land du ønskjer å sikre deg rettar til produksjon og marknadstilgang.
Les mer om søkje patent i fleire land

Framskynda behandling av patentsøknader

Viss du som patentsøkjar har eit særskilt behov for å få framskynda behandlinga av søknaden din, kan du sende ein begrunna søknad om dette til Patentstyret. Vi vil vurdere førespurnaden om framskynda behandling konkret i kvart enkelt tilfelle.
Les meir om framskynda behandling av patentsøknader

Akselerert behandling av patentsøknaden (AKS)

Alle som leverer ein førstesøknad til Patentstyret, kan no be om ei raskare behandling av søknaden, også kalla akselerert saksbehandling (AKS). Ein førstesøknad er den første søknaden du sender på ei oppfinning.
Les meir om akselerert behandling av patentsøknader

Godkjenning av søknaden

Viss søknaden blir godkjent, får du melding om dette. Det tar normalt 1-2 år frå du mottek første vurdering av patenterbarheita til søknaden eventuelt godkjennast. Når søknaden er godkjent fakturerer vi en meddelingsavgift. Den må du betale innan to månader. Når avgifta er betalt, kunngjer vi at patent er meddelt i Norsk patenttidende. Vi sender deg eit patentbrev, og patentet blir innført i patentregisteret.

Avslag på søknaden

Viss vi etter brevveksling med deg eller fullmektigen din ikkje kan godkjenne søknaden, vil den bli avslått. Du vil i så fall motta eit avslag. Du kan klage avslaget inn for Klagenemnda for industrielle rettar.
Les meir om klagemoglegheiter

Kan andre sjå søknaden min?

Patentsøknaden din og korrespondansen i saka er offentleg og synleg for alle 18 månader etter at søknaden blei innlevert, eventuelt før viss du ber om det. Trekkjer du derimot søknaden før denne fristen, forblir søknaden hemmeleg. Viss du har spesielle grunnar, kan du også be om at spesifikke forretningsløyndomar ikkje blir offentleggjorde.

Kva om eg vil trekkje søknaden?

Du kan be oss om å trekkje søknaden din før den publiserast. søknader blir ofte trukke viss dei ikkje er godt nok utarbeidd eller det viser seg at løsyinga må vidareutviklast. Det er begrensa kor mykje du kan endre ein søknad etter at den er levert inn.

En trukke søknad blir ikkje offentleggjort så lenge trekkinga skjer innan 18 månader frå innleveringsdatoen. Da kan du levere inn ein ny, revidert søknad. Denne nye søknaden blir registrert med datoen den blir innlevert. Når vi gransker den nye søknaden din, vil vi ta omnsyn til alt som er publisert fram til den datoen den nye søknaden blei levert. Derfor er det ofte viktig at patentsøknaden din er fullstendig ved levering slik at du ikkje får behov for å trekkje og levere ny søknad.

Kontakt oss på førehand slik at du trekkjer søknaden på ein korrekt måte.

Protest

Viss nokon leverer ein protest mot at oppfinninga di er patenterbar eller dei meiner at dei har rett til oppfinninga, vil vi informere deg om det. Den som protesterer blir ikke part i saka, men vi må ta omsyn til informasjonen i den grad han er relevant. Ein protest kan sendast inn når som helst i saksbehandlinga.

Administrativ patentavgrensing

Det er mogleg for deg som innehavar av eit patent å begrense patentet. Avgrensinga gjennomførast av Patentstyret med verknad for resten av patentet si gyldigheitstid.

Andre klagemoglegheiter

Det er mogleg å klage ved dei ulike fasane i saksbehandlinga.
Meir informasjon om klagemoglegheiter

Kor lenge varar eit patent?

Eit patent kan oppretthaldast i inntil 20 år frå den dagen du leverer inn ein søknad, så lenge du betalar årsavgiftene. Du må betale ei årsavgift for kvart år. Viss du ikkje betalar dei nødvendige avgiftene, opphøyrer patentet.
Oversikt over avgifter og gebyr 
Les meir om årsavgifter for patent

For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan du i visse tilfelle søkje om inntil fem år forlenging av vernetida ved å søkje om supplerande vernesertifikat (SPC).
Les mer om supplerande vernesertifikat (SPC)
Søknad om supplerande vernesertifikat (SPC) (lenke til Altinn)

Etter at eit patent er opphøyrt, har alle rett til å utnyttje oppfinninga. I visse tilfelle kan likevel andre sin rett til å utnyttje patentet vere begrensa av annan lovgiving. Det kan til dømes stride mot god forretningsskikk etter marknadsføringslova, eller ha krav på opphavsrettsleg vern.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kundesenteret, tlf 22 38 73 00

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: