Akselerert behandling av patentsøknaden

Alle som leverer ein førstesøknad til Patentstyret, kan no be om ei raskare behandling av søknaden, også kalla akselerert saksbehandling (AKS).

Kva er akselerert saksbehandling (AKS)?

Det tek vanlegvis 5-7 månader frå du sender inn ein søknad til du får ei første fråsegn frå oss om søknaden kan bli patent eller ikkje. Ved akselerert saksbehandling (AKS) får du svar på søknaden din innan 4 månader. 

Kva søknader kan behandlast med AKS?

Vi kan berre behandla søknader utan prioritet (førstesøknader) med AKS. Ein førstesøknad er den første søknaden du sender på ei oppfinning. Dersom du tidlegare har sendt ein søknad på same oppfinning i eit anna land, kan du ikkje be om akselerert behandling hos Patentstyret.

Søknader som inneheld fleire sjølvstendige oppfinningar, kan heller ikkje behandlast med AKS.

Kven kan be om akselerert behandling?

Alle som leverer ein førstesøknad til Patentstyret, kan få akselerert behandling. 

Ordninga gjeld både for søknader som blir sende inn via fullmektig og for private søkjarar.

Formelle manglar

Dersom du får tilbakemelding frå Patentstyret om at søknaden inneheld formelle manglar, må du rette desse innan fristen på 1 månad.

Kva skjer med søknader som ikkje tilfredsstiller vilkåra for AKS?

Dersom søknaden din ikkje tilfredsstiller vilkåra for AKS, for eksempel at søknaden inneheld fleire sjølvstendige oppfinningar eller du ikkje rettar formelle manglar innan fristen, vil søknaden bli behandla etter ordinær saksgang hos oss, som er 5-7 månader.

Du vil få skriftleg melding frå oss dersom søknaden ikkje kan behandlast med akselerert saksbehandling.

Det er framleis mogeleg å be om framskunda behandling av patentsøknaden under visse vilkår. Du må i tilfellet sende ein grunngjeve søknad til oss. Les meir om denne moglegheita.

Kor raskt får du svar?

Ved akselerert behandling vil du få ei første vurdering av søknaden innan ca. 4 månader. Dersom du svarer raskt på den første fråsegna vår, vil du kunne motta to fråsegner frå oss før prioritetsfristen går ut, det vil seie eitt år etter den dagen du leverte inn søknaden. Med to fråsegner frå oss har du eit godt grunnlag for å vurdere om du bør søkje patent i andre land.

Patentsøknaden vil også kunne bli ferdig behandla og godkjent til patent i løpet av ca. 12 månader ved bruk av AKS. Det føreset at du som søkjer aktiv følgjer opp søknaden, at søknaden ikkje er for komplisert eller krev fleire fråsegner frå oss, og at du ber om tidleg publisering av søknaden.

Kven bør be om akselerert behandling?

Det kan vere fleire gode grunnar til å be om ei raskare behandling av patentsøknaden, som for eksempel:

  • marknaden du opererer i utviklar seg raskt
  • investorar eller andre aktørar ønskjer avklaringar om oppfinninga kan patenterast
  • eit produkt skal lanserast raskt i marknaden
  • du ønskjer ei rask avklaring på om utviklingsprosjektet du jobbar med kan patenterast

Ikkje alle søkjarar har det «travelt» med å få vurdert søknaden sin. Mange ønskjer kanskje meir tid til å utvikle oppfinninga. For nokre er det derfor tilstrekkeleg å få ei første fråsegn innan prioritetsåret for å kunne vurdere om dei skal søkje patent i andre land.

Kva er risikoen med å be om akselerert behandling?

Databasane vi brukar for å granske oppfinninga blir oppdaterte regelmessig. Granskinga vil kunne gi andre resultat etter 7 månader enn etter 4 månader. Det vil seie at det kan vere relevante mothald (nærliggjande teknologi) som vi ikkje oppdagar ved gransking etter 4 månader frå innlevering.

Til liks med mange andre patentmyndigheiter meiner Patentstyret at ei gransking innan 4 månader etter at søknaden er levert, vil gi ein tilfredsstillande og tilnærma like god kvalitet som ei gransking etter 7 månader.

Vi ønskjer likevel å informere om at det kan eksistere relevante mothald som vi ikkje avdekkjer etter 4 månader, men som kunne vore oppdaga etter 7 månader. Denne risikoen må du vurdere i forhold til behovet du har for ei raskare vurdering frå oss (innan 4 månader).

Kva må eg gjere for å få akselerert behandling av søknaden?

  1. Kryss av for akselerert behandling i søknadsskjemaet i Altinn eller be om det i Søknadsvegvisaren på nettsida til Patentstyret.

For å få søknaden vurdert innan 4 månader, må du krysse av for Akselerert behandling i søknadsskjemaet i Altinn eller Søknadsvegvisaren når du leverer patentsøknaden. Vi vil i utgangspunktet ikkje godta ein førespurnad om akselerert behandling som kjem inn etter at søknaden er levert.

2. Pass på at dei formelle krava er oppfylte

Du må sørgje for at alle dei formelle krava er oppfylte. Dersom noko manglar, for eksempel betaling, adresse og liknande, vil du få informasjon om desse manglane og ein svarfrist på 1 månad. Dersom du ikkje overheld svarfristen, kan vi ikkje behandle søknaden innan 4 månader. Søknaden vil då bli behandla på ordinær måte, det vil seie at du får første fråsegn innan 7 månader.


Det er også eit krav for AKS at søknaden ikkje omhandlar fleire oppfinningar. Dersom vi seinare i saksbehandlinga finn ut at søknaden omhandlar fleire oppfinningar, vil søknaden bli behandla på ordinær måte.

Det kostar ikkje noko ekstra å be om akselerert saksbehandling.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: