Behandlingstid for patentsøknader

Sjå når du kan forvente å få første svar på søknaden, og kor lang tid det tek før du kan få patent eller før eit europeisk patent blir validert.

Status for 2. tertial 2019

Første vurdering av patentsøknaden

Du kan forvente første svar med vurdering av søknaden din innan 7 månader.

Målet vårt: 7 månader

Patent

Du kan forvente at minst halvparten av førstesøknader som fører til patent er avgjort innan 22 måneder.

Målet vårt: Minst halvparten av førstesøknader som fører til patent er avgjort innan 22 måneder.

Validering av europeiske patent

Du kan forvente å få EP-patentet (europeisk patent) validert i løpet av 3 månader.

Målet vårt: 3 månader

Motsegn og administrativ overprøving

Motsegn er ei velgrunna klage på ei avgjerd om å gi patent.

Administrativ overprøving er ei avgjerd om at eit patent blir erklært heilt eller delvis ugyldig etter krav frå andre.

I motsegns- og overprøvingssaker kan du forvente å motta endeleg avgjerd innan 4 månader etter at begge partar er blitt høyrde i saka.

Målet vårt: Vi sender avgjerd i saka innan 2 månader etter at saka er tilstrekkeleg opplyst.

Kundetilfredsheit

78 % av dem som fikk en førsteuttalelse på patent i 2018 var tilfredse med Patentstyret.

Målet vårt: 85 % (årlig måling)

Kvalitetsmåling ved stikkprøvar

I 2018 hadde 100 % av kontrollerte søknader rett kvalitet i søknadsbehandlinga.

Målet vårt: 96 % (årlig måling)

PCT-søknader hos Nordisk Patentinstitutt

Du kan forvente at PCT-søknadar levert til Nordisk Patentinstitutt (ISA og IPEA) blir behandla innan fristen som er satt av Instituttet.

Målet vårt: 98 %

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: