Fristar - patent

Det er viktig å overhalde fristar gjennom behandlinga av patentsøknaden din

Viktig å overhalde fristar

Det er svært viktig at du overheld dei fristane som vi oppgir i brev. Dette gjeld både brev og betaling av avgifter og gebyr.

Når du mottek eit brev frå oss der vi ber deg om å rette ein mangel eller redegjere for noko som er uklart, set vi ein frist for når svaret skal vere hos oss. Denne fristen kan variere i lengde avhengig av kva vi ber om eller kor i søknadsbehandlinga søknaden er.

Viss du ikkje svarer innan fristen vil søknaden bli henlagt. Viss du retter mangelen innan 4 månader frå fristutløpet og betalar ei fastsett avgift, gjenopptek vi søknaden din til vidare behandling.

Viss du ikkje har overheldt ein fastsett frist kan du i nokre tilfelle be om at søknaden blir tatt opp til behandling igjen.

Rekk du ikkje å overhalde fristen?

Viss du ser at du ikkje rekk å svare på brev frå oss innan fristen, kan du be om fristforlenging. Da er det viktig at brevet der du ber om utsett frist kjem til oss innan utgangen av den opphavlege fristen.

Du får automatisk fristforlenging på to (2) månader utan at vi gir deg tilbakemelding, så du må sjølv følgje med på den utsatte fristen. Du kan få automatisk fristforlenging to (2) gonger for éin søknad. Viss vi ikkje kan gi deg fristforlenging vil du få beskjed frå oss.

I heilt ekstraordinære tilfelle gir vi fristforlenging når det foreligg «særlege grunnar».

NB: Det er viktig å merke seg at moglegheita for fristforlenging ikkje gjeld brev der vi ber om at du retter formelle manglar ved innlevering.  

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: