Gjenoppretting av prioritet i patentsaker

Dersom du ikkje har har halde fristen på tolv månader for å levere ein seinare patentsøknad, har du høve til å be om å få gjenoppretta prioriteten.

Det er mogeleg å få gjenoppretta prioritet i patentsaker der fristoversitjinga har skjedd frå og med 1. juli 2019. Høvet for gjenoppretting av prioritet gjeld for:

  • nasjonale patentsøknadar
  • internasjonale patentsøknadar (PCT-søknadar) som blir leverte til Patentstyret som mottakande myndigheit og
  • internasjonale patentsøknadar (PCT-søknadar) som blir vidareførte i Noreg.

Nedanfor gir vi ei oversikt over kva reglar og fristar som gjeld.

For nasjonale søknadar

Vilkåra for å få gjenoppretta prioriteten er:

  • Fristoversitjinga må ha vore utilsikta 
  • Du må levere søknaden det blir kravd prioritet for, krav om prioritet og krav om gjenoppretting til Patentstyret innan to månader etter utløpet av tolvmånadersfristen
  • Du må betale eit gebyr på kr 3 000 (blir fakturert av Patentstyret)

NB! Prioriteten kan likevel ikkje gjenopprettast dersom kravet om gjenoppretting blir levert etter at førebuingane til å gjere patentsøknaden allment tilgjengeleg er ferdigstilt.

For internasjonale patentsøknadar (PCT-søknadar) som blir leverte til Patentstyret som mottakande myndigheit (RO)

Vilkåra for å få gjenoppretta prioriteten er:

  • Fristoversitjinga må ha vore utilsikta
  • Internasjonal søknadsdag kan ikkje vere seinare enn to månader etter utløpet av tolvmånadersfristen, og du må levere krav om prioritet samt krav om gjenoppretting til Patentstyret innan same frist
  • Du må betale eit gebyr på kr 3 000 blir (blir fakturert av Patentstyret)

NB! Prioriteten kan likevel ikkje gjenopprettast dersom kravet om gjenoppretting blir levert etter at førebuingane til internasjonal publisering av patentsøknaden er ferdigstilte.

For internasjonale patentsøknadar (PCT-søknadar) som blir vidareførte i Noreg

Dersom mottakande myndigheit (RO) har avslått å gjenopprette prioriteten for ein internasjonal patentsøknad som blir vidareført i Noreg, eller har avvist eit slik krav, kan du be Patentstyret om å gjenopprette prioriteten for den vidareførte søknaden.

Vilkåra for å få gjenoppretta prioriteten er:

  • Fristoversitjinga må ha vore utilsikta
  • Internasjonal søknadsdag kan ikkje vere seinare enn to månader etter utløpet av tolvmånadersfristen. Du må også ha levert krav om prioritet og krav om gjenoppretting til mottakande myndigheit innan same frist.
  • Du må levere krav om gjenoppretting til Patentstyret innan éin månad etter utløpet av 31-månadersfristen i patentlova § 31 (men likevel seinast éin månad etter at du eventuelt har bedt om tidlegare behandling i samsvar med artikkel 23 (2) i konvensjonen om patentsamarbeid).
  • Du må betale eit gebyr på kr 3 000 (blir fakturert av Patentstyret)

Dersom mottakande myndigheit har gjenoppretta prioritet, skal Patentstyret leggje denne avgjerda til grunn, med mindre vi meiner at dei norske vilkåra for gjenoppretting ikkje var oppfylte. Søkjar får i desse tilfella høve til å uttale seg før Patentstyret avgjer saka.

Kva betyr det at fristoversitjinga må vere «utilsikta»?

At fristoversitjinga må ha vore utilsikta betyr at patentsøkjaren, patenthavaren eller fullmektigen ikkje medvitne har oversete fristen.

Patentstyret legg den konkrete forklaringa di til grunn utan ytterlegare prøving. Det er derfor ikkje nødvendig at du gir ei lang og utfyllande forklaring. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg at du berre opplyser at du hadde ein generell intensjon om å fortsetje saksbehandlinga eller behalde retten. Du må altså gi ei konkret forklaring av årsaka til fristoversitjinga.

Les meir om utilsikta-kravet på denne sida

Klagemoglegheiter

Du kan klage på avgjerder frå Patentstyret om gjenoppretting av prioritet til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR).

Les meir om korleis du kan klage på avgjerder frå Patentstyret.

Konsekvensar av at du ber om gjenoppretting av prioritet

Dersom du ber om å få gjenoppretta prioritet, skal patentsøknaden reknast som ein søknad med prioritet fram til kravet om gjenoppretting er endeleg avgjord. Dette vil blant anna seie at søknaden blir gjort allment tilgjengeleg når det har gått 18 månader frå prioritetsdagen.

Gjenoppretting av prioritet for europeiske patentsøknadar?

Føresegnene i patentlova om gjenoppretting av prioritet gjeld ikkje for europeiske patentsøknadar, men her finst reglar for gjenoppretting av prioritet i den europeiske patentkonvensjonen artikkel 122 og regel 136 til konvensjonen.

Gjenoppretting av prioritet for design og varemerke?

Gjenoppretting av prioritet er framleis ikkje mogeleg for design og varemerke.

Har du spørsmål?

Lurer du på noko som gjeld gjenoppretting av prioritet i patentsaker? Kontakt kundesenteret vårt på tlf.  +47 22 38 73 00.

Regelverk

Gjenoppretting av prioritet i patentsaker blir regulert av føresegnene i:

Patentlova §§ 6, 28 og 72 (lenka går til Lovdata)

Patentforskrifta § 69 a. (lenka går til Lovdata)

Betalingsforskrifta § 27 (lenka går til Lovdata)

 

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: