Status for saksbehandlinga av patentsøknadar

Patentstyret har etablert ei rekkje målsetjingar for patentområdet. Nedanfor ser du målsetjingane for 2018 med status basert på målingar og anslag. Vi oppdaterer oversikta kvart tertial.

Mål: Minst 95 % av søkjarane får ei første vurdering av patenterbarheita i førstesøknadane sine innan 7 månader.
Status for 3. tertial: oppfylt i 96 % av sakene.

gronn_lys.png

 


Mål: Meir enn halvparten av førstesøknadane vi meddeler blir godkjent innan 22 månadar. 
Status for 3. tertial: oppfylt - meir enn halvparten av førstesøknadane som vi meddelte, blei godkjent innan 20,4 månadar.

gronn_lys.png

 


Mål: Vi validerer europeiske patent (EP-patent) i løpet av 3 månadar.
Status for 2. tertial: oppfylt - alle EP-patent blei validert i løpet av 3 månadar.

gronn_lys.png

 


Mål: Minst 85 % av patentkundane våre svarar i den årlege kundeundersøkinga  at dei er tilfredse med Patentstyret.
Status for 2018: Ikkje oppfylt - 78 % svarte at dei var tilfredse med Patentstyret.

gul_lys.png

 


Mål: Vi behandlar meir enn halvparten av motsegn og administrative overprøvingar innan 5 månadar.
Status for 2018: ikkje oppfylt - behandlingstida lå rundt 17 månadar.
NB: Dette er eit nytt satsingsområde i 2018.

rodt_lys.png

 


Mål: Minst 98 % av søkjarane får behandla ferdig PCT-søknaden (ISA og IPEA) innan fristen som Nordisk Patentinstitutt lovar.
Status for 3. tertial: oppfylt - 98 % blei behandla ferdig innan fristen.

gronn_lys.png

 


Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: