Søk patent i Noreg
- 1 Kvifor søkje patent?
- 2 Undersøk marknaden
- 3 Få hjelp av profesjonelle
- 4 Oppfinninga må være ny
- 5 Gjer nødvendige forundersøkingar
- 6 Søknadsprosessen
- 7 Moglege hindringar på vegen til patent
- 8 Patent i andre land?
- 9 Eksempel
- 10 Kva kostar det?
- 11 Malar
- 12 Ikkje norsk personnummer?
- 13 Søknader (starta/sendt) og kvitteringer
9. Eksempel
Patent og søknader eldre enn 18 månader er offentleg tilgjengelege. Her viser vi nokre eksempel på søknader og patent. Vi viser også eksempel utanfor Noreg.
Etter som oppbygginga av søknader/patent er den same i alle land, vil eksempla kunne brukast som inspirasjon når du eventuelt skal skrive søknaden.
NB: Lenkjene til eksempla nedanfor blir åpna i søkjetenesta vår. Det kan ta nokre sekund.
Mekanikk/maskin/bygg
Mekanikk/maskin/bygg er store og omfattande fagfelt med lang tradisjon og omfattande patentlitteratur. Dei fleste kvardagslege oppfinningana finst innanfor mekanikk/maskin/bygg.
Eksempel (patentskrift i PDF-format):
NO 338494 B1 - Lydisolerande dør
NO 334981 B1 - Babykrybbe til stol
NO 329934 B1 - Vasstett og pustande smekkeliknande klesvernar
NO 328012 B1 - Anordning til sittemøbel
NO 318691 B1 - Fråsparkfremjande anordning for ski (felleski)
NO 333591 B1 - Truge med integrert ledd
Olje og skip
For Noreg, saman med eit fåtal oljeproduserande land, er oljeboring eit viktig fagfelt. Dette omfattar subseateknologi, som til dømes risere og juletre.
Skip er også ei næring som er viktig for Noreg.
Eksempel (patentskrift i PDF-format):
NO 337511 B1 - Fleirlags kretskort-basert nedihols antenne som tek opp asimutkjenslevare målinger av berggrunnens resistivitet.
IKT og telekom
For programvare og telekom er det ei ekstra utfordring med å vise at oppfinninga er industrielt tenleg, sjå punkt 4 . Patentlova har nokre unnatak som patentsøkjarar på IKT og telekom må vere ekstra merksame på. Dette gjeld følgjande punkt frå Patentlova §1:
3. planer, regler eller metoder for utøvelse av intellektuell virksomhet, for spill eller forretningsvirksomhet, eller programmer for datamaskiner,
4. fremleggelse av informasjon.
Eit eksempel:
EP 2 663 065 B1 frå Samsung Electronics Co Ltd. Publisert 2015.01.14.
Dette er eit patent granska og publisert av Det europeiske patentverket (EPO).
(B1 Type dokument; A er søknad, B er patent (sjå korleis dette dokumentet er publisert i andre stadium og land; «Also published as:»).
Les meir om programvare og app på nettsida vår
Programvare og kjeldekode kan vere beskytta av Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverklova)
Elektro/Fysikk/sensorar
Innan elektro, fysikk og sensorar har vi alle typer søknader, frå dei som søkjer for fyrste gong, til profesjonelle søkjarar. Tematikken har eit vidt spenn, frå enkle optikkløysningar til tyngre sensorteknologi og til kaldfusjon.
Eksempel (patentskrift i PDF-format):
NO 333053 B1 - Skillemembran for trykksensor
NO 314606 B1 - Ikkje-flyktig minneinnretning
Kjemi/medisin
Det blir føresett at du er fagperson på kjemi-området dersom du skal skrive patentsøknaden sjølv. Sjølv då er det komplisert, og vi anbefaler at du søkjer profesjonell hjelp som kan skrive søknaden for deg.
Kjemi er eit stor fagområde og dekkjer blant anna uorganisk kjemi, organisk kjemi, polymerkjemi, prosesskjemi og petrokjemi.
Patent på legemiddel som er retta mot ei kjemisk sambinding som det aktive stoffet i legemiddelet, høyrer inn under dette fagområdet.
Eksempel (patentskrift i PDF-format):
Uorganisk:
NO 156479 C - Viser ei blandemaskin
NO 337977 B1 - Framgangsmåte og anordning for ekstrahering av varme frå aluminium elektrolyseceller
Organisk:
NO 338837 B1 - Sambinding til bruk for å behandle koaguleringssykdom
NO 339838 B1 - Fast farmasøytisk doseform som omfattar valganciclovir
NO 320284 B1- Kombinasjon av oljer
Polymer:
NO 328788 B1 - Bindemiddel til lufttørkande maling
Bioteknologi
Det blir føresett at du er fagperson på bioteknologi-området dersom du skal skrive patentsøknaden sjølv. Sjølv då er det komplisert, og vi anbefaler deg å søkje profesjonell hjelp som kan skrive søknaden for deg.
Her blir i enkelte tilfelle kravd dokumentasjon i form av sekvenslister og informasjon om deponeringsstad for biologisk materiale.
Eksempel (patentskrift i PDF-format):
NO 338238 B1 - Flyteelement for ein merd
Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?