Søk patent i Noreg

Vi tilrår at du les alle 13 punkta før du trykker «Start ny patentsøknad».

5. Gjer nødvendige forundersøkingar før du leverer søknaden

Det kan vere nyttig å bruke noko tid på å søkje i patentdatabasar for å sjå kva som allereie finst av liknande teknologi.

Patentstyret kan sjekke for deg

Ønskjer du at Patentstyret skal sjekke i norske og internasjonale databasar for deg, kan du bestille ei forundersøking. Dette er ei teneste du må betale for.

Som patentmyndigheit brukar vi eit av det raskaste og mest omfattande søkjeverktøyet i verda, som dekkjer svært omfattande databasar med både patent og annan litteratur. Databasane omfattar dokument frå mange land som for eksempel Kina, Korea, Tyskland og USA, og ei lang rekkje fagfeltspesifikke databasar i kjemi, IKT, olje, m.fl. 

Det er viktig å vere klart over at ei forundersøking ikkje gir ein rett.  Du må i alle tilfelle sende inn ein patentsøknad for å verne oppfinninga.

Les meir om kva for forundersøkingar vi kan hjelpe deg med

Du kan undersøkje sjølv også

Dersom du vil finne ut om oppfinninga di er ny i heile verda, tilrår vi at du søkjer i internasjonale patentdatabasar som Espacenet og Google patent, sjå lenkjer nedanfor.

Patentstyret si søkjeteneste gir tilgang til alle nasjonale patentsøknader og -rettar som er allment tilgjengelege.

Du bør også gjere vanlege søk på internett og sjekke særleg faginformasjon/artiklar innan fagområdet ditt.

Oppfinninga di kan vere kjend frå før, sjølv om du ikkje finn teknikk som liknar ved søk på nettet. Det er komplisert å gjere nyheitssøk, særleg i patentlitteraturen, kor det blir brukt spesielle ord og uttrykk . 

Nyttige lenkjer

Patentstyret si søkjeteneste

Oversikt over internasjonale databasar (lenkje til Patentstyret si søkjeteneste)

Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?