Søk patent i Noreg
Vi tilrår at du les alle 13 punkta før du trykker «Start ny patentsøknad».
- 1 Kvifor søkje patent?
- 2 Undersøk marknaden
- 3 Få hjelp av profesjonelle
- 4 Oppfinninga må være ny
- 5 Gjer nødvendige forundersøkingar
- 6 Søknadsprosessen
- 7 Moglege hindringar på vegen til patent
- 8 Patent i andre land?
- 9 Eksempel
- 10 Kva kostar det?
- 11 Malar
- 12 Ikkje norsk personnummer?
- 13 Søknader (starta/sendt) og kvitteringer
10. Kva kostar det?
Privatpersonar og små og mellomstore verksemder (SMB), dvs. med mindre enn 20 årsverk, har rett til redusert søknadsavgift. Sjå tabellen under.
Du må i tillegg til søknadsavgift betale ei meddelingsavgift og årsavgifter dersom søknaden fører til patent.
Liste over kostnader (lenkje til prisoversikta)
Eitt eksempel på kostnader til Patentstyret:
- Ein søknad er levert.
- Skildringa, patentkrava og patentfigurar er på i alt 25 sider.
- 14 sider er inkludert i meddelingsgebyret (når patent er godkjent).
- Det er lista opp 16 krav, og alle krav dreiar seg om same oppfinning; men med ulike utføringsformer, samt variantar.
- 10 krav er inkluderte i søknadsgebyr.
- I saksbehandlinga leverer søkjer nye krav, og det er 17 krav når patent blir godkjent
For søknadsprosess | |
Søknadsgebyr under 20 årsverk: | kr 850 |
Verksemd med fleire enn 20 årsverk | kr 4650 |
Tilleggsgebyr utover 10 krav: kr 250 per krav | 6 x 250 = 1500 |
Ytterlegare 1 krav lagt til: | kr 250 |
Ved godkjend patent: | |
Meddelingsgebyr: | kr 1200 |
Tilleggsavgift utover 14 sider: | 11 ekstra sider 11 x 250 = kr 2750 |
Årsavgift for dei tre første åra: | kr 2100 |
Totalt: | kr 8900 |
Gjenopptaking og henlegging Viss du ikkje svarar innan ein frist oppgitt av Patentstyret og må ta opp søknaden igjen, må du betale ekstra kostnader. |
Kr 550 første gong kr 1950 andre gong og seinare |
Årsavgifter vidare: | |
Etter dette må du betale ei årsavgift for å oppretthalde eineretten: | 4. år = kr 1350 jamnt aukande til 20. avgiftsår på kr 6500. |
Eit patent kan maksimalt vare i 20 år frå innleveringsdagen. (Kun unnatak for medisiner som kan leve i 5 ekstra år i ei særleg ordning).
Viss du brukar profesjonell hjelp, er kostnaden avhengig av kor mykje hjelp du må ha, og kva for prisar fullmektigbransjen og advokatbransjen bestemmer.
Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?