Søk patent i Noreg

Vi tilrår at du les alle 13 punkta før du trykker «Start ny patentsøknad».

11. Bruk malane våre

Dersom ein patentsøknad skal bli godkjend til patent, må den ha framstilling, patentkrav, eventuelle figurar som alle oppfyller strenge formkrav. Desse formkrava blir regulerte av internasjonale avtalar. 

Det er viktig at du har kompetanse og investerer tilstrekkeleg tid i å utforme ein god søknad. Det blir føresett at du har god fagkunnskap på det tekniske området di oppfinning tilhøyrer når du utformar patentsøknaden.

  • Vi tilrår at du har alle dokument klar før du fyller ut søknadsskjemaet. Det er viktig at søknaden din er korrekt og fullstendig med alle moment du vil ha med når du leverer den inn. Du kan endre søknadsdokumenta seinare, men du kan ikkje sende inn nytt materiale slik at søknaden omfattar noko som ikkje framgjekk av søknaden då den blei innlevert.
  • Du kan ikkje søkje patent på fleire forskjellige oppfinningar i same søknad. Du må sende inn ein søknad for kvar oppfinning.
  • Det finst særlege krav for biologisk materiale og for dokumentasjon av genetiske sekvensar. Desse må oppfyllast før du søkjer. 

Les meir om patentering av bioteknologi

Kvifor må alt vere med ved søknadsinnlevering?

Ved innlevering må du ha med alle moment i søknaden din.  Du kan ikkje endre søknaden etter at den er levert slik at den dekkjer meir eller noko helt anna enn det som framgjekk at søknaden den dagen du leverte den.

Grunnar til at ein søknad ikkje kan utvidast undervegs:

  • Frå den dagen du leverte søknaden din har du også rettane som søknaden omfattar.
  • Patentstyret finn fram kjend teknikk og vurderer det som står i søknaden basert på innhaldet ved innlevering.
  • Det blir vanskeleg for ein tredjepart å ta omsyn til rettar her i Noreg dersom den blir endra undervegs.

Malar

Har du ikkje skrive ein patentsøknad før, og ønskjer å gjere det sjølv utan profesjonell hjelp? Då tilrår vi at du brukar Patentstyret sine malar. Dei er utforma for å vere enkle og å fokusere på det viktigaste.

Malar (Word-dokument) 

Patentframstilling
Patentkrav
Samandrag

Språk

Du kan søkje og få patent med norske eller engelskspråklege søknadsdokument. Du vel norsk eller engelsk ved søknadsinnlevering - dette kan ikkje endrast undervegs. Alle dokument må vere på same språk.

Vi tilrår deg å levere søknaden på norsk om det er enklast for deg for å framstille oppfinninga di på norsk. 

Dersom du klarar å lage ein god engelsk søknad, kan det forenkle arbeidet dersom du skal søkje patent i andre land. Andre land vil krevje omsetjing til språket sitt. Slik sikrar du betre forståing av din einerett internasjonalt. 

Skriv du søknaden på engelsk, må patentkrava utformast både på engelsk og norsk.

Les meir om språkkrav for patentsøknader og patent

Kontakt med Patentstyret

Brevvekslinga frå Patentstyret skjer i utgangspunktet på norsk, uavhengig av om søknadsdokumenta er på norsk eller engelsk.  Du kan be om kommunikasjon på engelsk, viss du ønskjer det.

Provisorisk vern

Dersom du vel å levere søknaden på engelsk til oss bør du sende inn ei norsk omsetjing av patentkrava seinast innan 16 månader frå du leverte søknaden. Formålet er at krava finst på norsk når Patentstyret offentleggjer søknaden etter 18 månader. Då får søknaden eit provisorisk vern i Noreg for perioden mellom publisering og eventuell melding sjølv om alle dokumenta i søknaden blei leverte inn på engelsk.  Provisorisk vern gir deg vern mot patentinngrep mens søknaden din er under behandling, det vil seie før patentet blir kunngjort.

Les meir om provisorisk patentvern / provisorisk vern

Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?