Søk patent i Noreg
- 1 Kvifor søkje patent?
- 2 Undersøk marknaden
- 3 Få hjelp av profesjonelle
- 4 Oppfinninga må være ny
- 5 Gjer nødvendige forundersøkingar
- 6 Søknadsprosessen
- 7 Moglege hindringar på vegen til patent
- 8 Patent i andre land?
- 9 Eksempel
- 10 Kva kostar det?
- 11 Malar
- 12 Ikkje norsk personnummer?
- 13 Søknader (starta/sendt) og kvitteringer
8. Patent i andre land?
Patentet du eventuelt får, gjeld kun for Noreg. Det hindrar ikkje andre i å utøve oppfinninga i andre land. Er det viktig å verne einerettene andre stader, må du søkje patent i andre land eller andre regionar.
Når du har levert søknad til Noreg, kan innleveringsdagen din gjelde for søknadar til andre land/regionar dersom du søkjer innan 12 månader frå du leverte søknaden i Noreg. Då får du såkalla prioritet frå den første søknaden. Dersom andre har søkt patent på ei tilsvarande oppfinning i løpet av denne 12-månadersperioden, vil patentsøknaden din gå føre på grunn av "tidlegare prioritet".
Vi anbefaler deg å oppsøke profesjonell hjelp dersom du har tenkt å søkje patent utanfor Noreg, fordi det er mange formaliteter og absolutte tidsfrister å tenkje på. Det er oftast ikkje nok å berre få patent i Noreg. Rådgivarbransjen gir gode råd langt ut over det Patentstyret har høve til å tilby.
Les meir om å søkje patent i andre land
Sjå oversikta over rådgivarar som kan hjelpe deg på iprhjelp.no
Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?