Søk patent i Noreg

Vi tilrår at du les alle 13 punkta før du trykker «Start ny patentsøknad».

2. Kvar er marknaden og kven er kundane?

For å tene pengar på oppfinninga din, må du fyrst undersøkje marknaden. Du må vurdere om det er behov for produktet, og om det har gode føresetnader for å klare seg i konkurranse med andre.

Tenk over:

  • Er teknologien framtidsretta, slik at den er levedyktig om nokre år?
  • Kva er marknaden villig til å betale for produktet?
  • Kva marknader skal du satse i, kvar skal du produsere, og korleis skal du distribuere?
  • Korleis skal du gjere produktet kjend i marknaden, og kven er konkurrentane?
  • Kva er fordelane med produktet ditt samanlikna med konkurrentane sine?
  • Skal du satse aleine, eller treng du samarbeidspartnarar?

Det er mange spørsmål å ta stilling til, og du treng å utvikle ein strategi for å jobbe strukturert og målretta.

IPR-strategi:
Les meir om IPR-strategi
Les meir om korleis andre bedrifter jobbar med IPR-strategi (på IPR-hjelp.no)

Forretningsmodellar:
Les meir på nettsidene til Innovasjon Noreg

Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?