Språkkrav for patentsøknder og patent

Språkkrav for nasjonale patentsøknader.

Levering av patentsøknad    

Patentstyret godtek søknader på norsk eller engelsk. Viss søknaden er på eit anna språk (for eksempel tysk), må du omsetje han til norsk eller engelsk. Det er forskjellige fristar for omsetjing avhengig av type søknad og kva språk søknaden er på.

I ein patentsøknad skal tittel, forklaring, krav og tekst på teikningar vere på same språk (norsk eller engelsk).

Søknadstype og språk

Søknadstype Vidareført PCT Nasjonal Nasjonal Nasjonal
Språk i søknad ved levering   Norsk / engelsk Svensk / dansk  Tysk eller anna språk
Frist for omsetjing til norsk eller engelsk 2 mnd. etter vidareføringsfrist (31 mnd) Ikkje mogleg å endre språk etter levering 16 mnd. etter levering 3 mnd. etter levering
Varsel om omsetjing Ingen varsel   Varsel Varsel

 

Viss du ikkje leverer ei omsetjing av PCT-søknaden til norsk eller engelsk innan 33 månader frå prioritetsdato, vil vi rekne søknaden som trukke. Manglande omsetjing av ein nasjonal søknad innan fristen fører til at søknaden blir henlagt.

Når søknaden er levert på engelsk eller norsk, kan ikkje språket i søknaden endrast i ettertid.

Provisorisk vern

For å få provisorisk vern i Noreg for ein søknad på engelsk, må du levere ei omsetjing av krava til norsk, og Patentstyret må kunngjere at det er levert ei norsk omsetjing.

Du har moglegheit til å rette i omsetjinga av krava. Du må betale eit gebyr for dette, og Patentstyret må kunngjere at det er sendt inn retta krav.

Les meir om korleis du sikrar at oppfinninga di har provisorisk vern i søknadsperioden

Saksbehandlingsspråk

Korrespondanse til deg som søkjar er som hovudregel på norsk, men du kan be om engelsk saksbehandlingsspråk når som helst i søknadsprosessen. Det kan gjerast både skriftleg og munnleg, via e-post, brev eller telefon. Vi tilrår at du tidleg i søknadsprosessen bestemmer deg for kva språk du ønskjer å nytte under saksbehandlinga.

Du kan be om engelsk saksbehandlingsspråk når som helst i søknadsprosessen. I løpet av søknadsprosessen kan du endre saksbehandlingsspråk fleire gonger.

For søknader levert før 1. januar 2015 kan du berre få realitetsuttaling og granskingsrapport på engelsk. Andre brev vil vere på norsk.

I søknadsbehandlinga kan du vende deg til oss på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

I klagesaker vil all saksbehandling i Patentstyret vere på norsk, også spørsmåla dine må vere på norsk.

Innhaldet i søknaden

Tittel

Tittelen skal vere på same språk som resten av søknaden.

Samandrag

Samandraget skal vere på same språk som resten av søknaden.

Teikningar

Tekst på teikningar skal vere på same språk som resten av søknaden.

Kunngjering

Viss søknaden er på engelsk, må du omsetje krava til norsk før søknaden blir godkjent til kunngjering. Du får ein frist på éin månad til å omsetje krava til norsk viss det berre er dette som gjenstår før kunngjering.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: