Vi får ofte spørsmålet: «Kan eg ta patent på eit namn?» eller «kan eg ta patent på ein idé?» Mange trur at patent er eit sekkeord for alle typar rettar og einerett. Dermed trur dei det er mogleg å ta patent på det meste. Lat oss rydde litt i omgrepa og fjerne misforståing.
Bioteknologi er ei samlenemning på teknologi som brukar mikroorganismar, celler frå planter eller dyr, eller delar av desse til å framstille eller endre produkt, forbetre planter og dyr, eller utvikle mikroorganismer for spesifikke bruksområde.
Du driv kanskje ei verksemd og tenkjer at du ikkje treng å vite noko om patent, varemerke og designrettar? For du har inga oppfinning du skal patentere, noko namn du skal registrere som varemerke eller design du skal verne. Så då er det vel ikkje så viktig å vite noko om det?
Har du etablert ei verksemd, så har du kanskje behov for å få inn ein investor eller kreditt frå ein bank. Då kan det vere smart å ha registrerte rettar til patent, varemerke eller design.
Datamaskiner og programvare inngår i fleire og fleire produkt, frå IoT (internet of things) og appar på mobiltelefonar til avanserte kontrollsystem i sjølvkjørande bilar, for å nemne nokre få av dei mange teknologiområda kor dette blir brukt.
Lisens er løyve til å nytte programvare, eit varemerke, eit patent eller andre immaterielle rettar. Lisensiering av slike rettar blir normalt dokumentert i form av ein avtale mellom eigar av retten (lisensgivar) og ein eller fleire lisenstakarar om rett til å nytte patentet.
Søknad om middel frå Horisont 2020 set krav til å dokumentere korleis ein forvaltar og utviklar immaterielle rettar. Skaff deg grunnleggjande kompetanse om IPR og lag ein forvaltningsplan for verksemdas immaterielle rettar, ein såkalla IPR-stratgi.
Patentstyret sitt kundesenter mottok Kundeserviceprisen i kategorien offentleg på Callsenterdagane i slutten av april. Det er firmaet SeeYou som deler ut prisen, og Patentstyret sine medarbeidarar gjekk til topps i konkurransen med 15 andre offentlege verksemder. Ein slik siger kjem ikkje av seg sjølv, men krev mykje forarbeid.
Jobbar du med idear til ny teknologi eller nye produkt? Ofte kan det vere inspirerande å sjå kva som allereie finst av liknande teknologi på marknaden. Det kan vere noko du skal spinne vidare på, eller kanskje du finn ei nisje der det ikkje finst produkt i dag?
Fann du det du lette etter?
NB: Tilbakemeldingar er anonyme! Ønskjer du svar, ta kontakt med oss på telefon 22 38 73 00 eller post@patentstyret.no
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.