Validering av europeisk patent i Noreg

Patentsøknader som er under behandling eller kunngjorde i European Patent Office (EPO) kan gjerast gjeldande i Noreg.

Korleis validere eit europeisk patent i Noreg?

For å validere eit europeisk patent i Noreg, må du sende søknad om validering, samt omsetjing til Patentstyret seinast innan tre månader etter at EPO har kunngjort meddeling av patentet. Du må også betale eit valideringsgebyr. Sjå prislista.

Viss du benytter ein fullmektig, må du levere ei fullmakt på fullmektigforholdet.

Du kan betale valideringsgebyret direkte i Altinn, eller vi kan sende deg ein faktura med éin månads frist etter at vi har kontrollert søknaden og eventuelle dokument.

Viss du ikkje har overheldt ein fastsett frist, kan du i nokre tilfelle be om at søknaden blir tatt opp til behandling igjen.

1. Send søknad via Altinn

Send inn søknaden din via Altinn. Du får kvittering umiddelbart og all vidare korrespondanse i søknadsbehandlinga mellom deg og oss vil foregå via Altinn.

Send søknad: Ny publisering av EP-søknad og validering av EP-patent 

Følgjande opplysningar er obligatoriske:

  • søknadsnummer eller publiseringsnummer i EPO
  • tittel
  • namn eller føretaksnamn på eigaren av patentet
  • adresse for korrespondanse

Har du ikkje norsk nasjonalt ID-nummer?

Les korleis du kan levere ein søknad og kommunisere med Patentstyret elektronisk utan eit norsk nasjonalt ID-nummer (informasjon berre på engelsk).

2. Omsetjing

Følgjande dokument er obligatoriske:

Viss patent er meddelt på engelsk hos EPO:

  • norsk omsetjing av krav

Viss patent er meddelt på fransk eller tysk hos EPO:

  • norsk omsetjing av krav
  • engelsk omsetjing av tittel og forklaring, inkludert tekst på teikningar
    ELLER norsk omsetjing av tittel og forklaring, inkludert tekst på teikningar,
  • ev. sekvensliste skal ikkje omsetjast

Krav til format:

  • forklaring, krav og teikningar skal innleverast i separate filer
  • sidenummerering øvst på sida i midten
  • fullmektigreferansar, PCT-nummer og EP-publiseringsnummer osv. skal ikkje vere med
  • tittel skal ikkje vere oppført i forklaring og krav

3. Fullmakt

Viss du brukar ein fullmektig, må du levere ei fullmakt. Fullmakta skal innehalde saksnummeret, namn og adresse på innehavaren, og namn og adresse på fullmektigen. Viss du ikkje leverer fullmakta innan fristen, blir patentet publisert utan fullmektig. Det er tilstrekkeleg at du leverer ein kopi av fullmakta, eventuelt ein kopi av ei generalfullmakt. 

Du må betale årsavgifter

For å oppretthalde det europeiske patentet ditt i Noreg, må du betale årsavgift. Det er ditt eige ansvar å overhalde betalingsfristane.

Provisorisk patentvern i Noreg

For å få provisorisk patentvern i Noreg på grunnlag av ein europeisk patentsøknad (EP-søknad) som er publisert ved EPO, må søknaden også publiserast i Noreg. I EURO-PCT-saker der EP-søknaden enno ikkje er publisert ved EPO, kan du søkje om publisering i Noreg viss EP-søknaden er publisert ved WIPO.

For å få en EP-søknad publisert i Noreg må du sende inn til Patentstyret:

  1. søknad om publisering
  2. norsk omsetjing av krav

Søknad om å få ein EP-søknad publisert i Noreg er kostnadsfritt.

Det provisoriske vernet gjeld berre så langt det er samsvar mellom den norske og den engelske teksten. Du kan sende inn ei retting av omsetjinga før publisering.

Søknadsskjema i Altinn: Ny publisering av EP-søknad og validering av EP-patent

Melding om endringar av innehavar og fullmektig i Noreg og EPO

Endringar i Noreg

Endringar av innehavar som ikkje blir registrert i EPO kan meldast til Patentstyret. Sjå Endringar i ein søknad eller rett

Endringar via EPO

Når kundar sender endringar til EPO, blir oppdatering send til Noreg. Kundar treng ikkje å sende stadfestingsdokument frå EPO eller originale dokument om overføring eller namn- og adresseendringar til Patentstyret.

Validering av europeisk patent etter sentralisert motsegn og patentavgrensing ved EPO

For å oppretthalde patentet ditt i endra form etter avgjerd av ei motsegn eller ei administrativ avgrensing ved EPO, må du sende inn ein ny omsetjing seinast innan tre månader etter EPO har kunngjort meddeling av patentet i endra form. Dersom kunngjeringa av at patentet meddeles i endra form fann stad 1. januar 2015 eller seinare, gjeld dokumentkrava nemnde i avsnittet øvst på sida «Korleis validere eit europeisk patent i Noreg»

Revalideringsgebyret vil bli fakturert. Sjå prislista.

Rettingar

For å validere ei korrigert utgåve B9 av eit EP-patent eller publisere ei retta omsetjing av eit NO/EP-patent, må du levere inn ei ny omsetjing. Dokumentkrav er det same som ved førstegangs validering. Sjå avsnittet øvst på sida «Korleis validere eit europeisk patent i Noreg» . Rettingsgebyret vil bli fakturert. Sjå prislista.

Administrativ patentavgrensing hos Patentstyret

Det er mogleg for deg som innehavar av eit EP-validert patent å avgrense patentet hos Patentstyret.

Nasjonal administrativ overprøving

Alle kan levere eit krav om administrativ overprøving.

Supplerande vernesertifikat (SPC)

For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan du i visse tilfelle søkje om inntil fem års forlenging av vernetida ved å søkje om supplerande vernesertifikat (SPC).

Les meir om supplarende vernesertifikat (SPC)
SPC-søknadsskjema (PDF-fil)

Regelverk

Har du spørsmål?

Send ein e-post til post@patentstyret.no merka «validering».

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: