Berekning av årsavgifter for europeiske patent i Noreg

Når europeiske patent (EP-patent) får verknad i Noreg, skal årsavgifta betalast til Patentstyret.

Årsavgifter til Patentstyret skal betalast frå og med avgiftsåret etter at Det europeiske patentverket (EPO) kunngjorde avgjerda si om å meddele det europeiske patentet. Eit avgiftsår omfattar eitt år og blir berekna etter norsk rett frå leveringsdagen for EP-patentet, og deretter frå den tilsvarande dagen i det følgjande kalenderåret.

Årsavgifter for EP-patent vil som hovudregel forfalle til betaling forskotsvis på den siste dagen i den kalendermånaden då avgiftsåret begynner. Den fyrste årsavgifta som skal betalast til Patentstyret forfell likevel tidlegast samtidig med at fristen på tre månader for levering av omsetjing går ut, i samsvar med patentlova § 66c. Denne tremånadsfristen blir rekna frå datoen for EPO si kunngjering av at patentet er meddelt. Dersom tremånadsfristen går ut seinare enn fristen for å betale årsavgift, blir fristen for betaling av fyrste årsavgift til Patentstyret forskuva, og dermed også fristen for betaling av årsavgift med tilleggsavgift ved for sein innbetaling tilsvarande.

Døme 1:

Leveringsdatoen for eit EP-patent er 3. desember 2014. Avgiftsåret går her frå 3. desember til 2. desember i kvart kalenderår. Patentet blir kunngjort meddelt av EPO 3. mai 2016. Patentet er altså meddelt i det andre avgiftsåret. Fristen for levering av omsetjing går ut 3. august 2016. I dette tilfellet er forfall for fyrste betaling av årsavgift til Patentstyret for tredje avgiftsår den 31. desember 2016. Fristen for betaling av årsavgift for tredje år med tilleggsavgift er 30. juni 2017.

tidslinje_eks1_norsk900.png

Døme 2:

Leveringsdatoen for eit EP-patent er 3. mai 2014. Avgiftsåret går her frå 3. mai til 2. mai i kvart kalenderår. Patentet blir kunngjort meddelt av EPO 3. mai 2016. Etter norsk rett vil dette vere den fyrste dagen innanfor det tredje avgiftsåret. Fristen for levering av omsetjing går ut 3. august 2016. Men, etter EPC Rule 131(2) går avgiftsåret fram til og med same dato i kalenderåret som leveringsdatoen for EP-patentet. Kunngjeringa av EP-patentet skjer derfor i samsvar med EPC sine reglar på den siste dagen i det andre avgiftsåret. I dette tilfellet skal då fyrste årsavgift (for tredje avgiftsår) betalast til Patentstyret innan 3. august 2016, altså seinast samtidig med utløp av fristen for levering av omsetjing. Fristen for betaling av årsavgift for tredje år med tilleggsavgift er 3. februar 2017.

Neste årsavgift (for fjerde avgiftsår) skal betalast til Patentstyret innan 31. mai 2017. Fristen for betaling av årsavgift for fjerde avgiftsår med tilleggsavgift er 30. november 2017.

tidslinje_eks2_norsk900.png

Døme 3:

Leveringsdatoen for eit EP-patent er 3. mai 2014. Avgiftsåret går her frå 3. mai til 2. mai i kvart kalenderår. Patentet blir kunngjort meddelt av EPO 4. mai 2016, altså i byrjinga av det tredje avgiftsåret. Fristen for levering av omsetjing går ut 4. august 2016. I dette tilfellet skal fyrste årsavgift (for tredje avgiftsår) betalast til EPO innan 31. mai 2016.

Neste årsavgift (for fjerde avgiftsår) skal betalast til Patentstyret innan 31. mai 2017. Fristen for betaling av årsavgift for fjerde år med tilleggsavgift er 30. november 2017.

tidslinje_eks3_norsk900.png

Årsavgifter

Eit patent varar i maksimum 20 år frå innlevering i EPO, mot at årsavgifter blir betalde.

Årsavgiftene er like for alle patent og aukar progressivt for kvart år patentet oppretthaldast. På grunn av at avgiftene auker progressivt og at avgiftene av og til blir justert må søkaren/ innehavaren av patentet sjekke avgiftsgrunnlaget i betalingsforskrifta.

For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan det i nokre tilfelle søkast om inntil ytterlegare fem års vern (SPC).
Sjå lista over gebyr og avgifter

Får eg ei påminning om å betale årsavgifta?

Ved første forfall av årsavgift i Noreg sender Patentstyret ut varsel om forfall i forkant av fristen for betaling. Ved forfall i påfølgjande avgiftsår, forfell årsavgifta utan føregåande varsel frå Patentstyret. Avgifta blir heller ikkje fakturert. Patentsøker eller patenthavar må derfor sjølv passe på å betale årsavgifter innan forfall.

I alle saker uansett avgiftsår blir det sendt ut påminning dersom årsavgifta ikkje er betalt ved forfall.

Patentstyret er ikkje pålagt etter patentlova å sende ut ei slik påminning eller varsel. Dette blir berre gjort som ein service overfor patentsøkarar eller patenthavarar. Ein kan derfor ikkje forvente å bli varsla av Patentstyret om kva for handlingar som må gjerast innan gjeldande fristar. Dersom påminning eller varsel skulle utebli, er ein framleis pliktig til å betale årsavgifta.

Lenker til regelverk

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: