Patentstyret fører tilsyn med organisasjonar som kollektivt forvaltar opphavsrett

Patentstyret er tilsynsmyndigheit for forvaltingsorganisasjonar som forvaltar opphavsrett og nærståande rettar på vegner av rettshavarar.

Tilsynsoppgåva følgjer av «Lov om kollektiv forvalting av opphavsrett mv.» og gjeld frå 1. juli 2021.

Lova regulerer korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal forvalte opphavsrett og nærståande rettar, slik at dette kan gjerast på ein effektiv, forsvarleg og open måte.

Tilsynet sine oppgåver

Gjennom tilsynsrolla skal Patentstyret kontrollere at føresegnene i lova  blir overhaldne og sikre at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane følgjer føresegnene i lova om intern styring og kontroll.

Tilsynet kan omfatte undersøkingar om handlingar mot rettshavarar eller brukarar av den retten organisasjonen forvaltar er i strid med lova, for eksempel praktisering av:

  • diskriminerande vilkår for medlemskap
  • ikkje-objektive og diskriminerande lisens- og avtalevilkår.

Patentstyret kan gripe inn ved å setje i verk sanksjonar eller gjere andre tiltak, men er ikkje pliktig til å gripe inn ved eit kvart tilfelle av brot.

Patentstyrets tilsyn blir iverksett på to måtar:

  • Melding frå rettshavarar eller andre om brot
  • Patentstyret utøver tilsyn på område vi på førehand har sett behov for å granske.

Tilsynet omfattar organisasjonar og andre einingar som er etablerte i Noreg, og deira verksemd her og innan EØS-området.

Klagar over enkeltvedtak

Dersom ein organisasjon eller rettshavar ønskjer å klage på ei avgjerd fatta av Patentstyret etter denne lova, er Klagenemnda for mediesaker (Medieklagenemnda) klageinstans. Også forvaltingslova kapittel VI om klage og omgjering vil gjelde.

Registreringsplikt for organisasjonane som blir omfatta av tilsynet

Organisasjonar og einingar som driv verksemd som blir omfatta av føresegna i lova om tilsyn, skal registrere seg hos Patentstyret.

Dei skal sende inn namnet på organisasjonen eller eininga, organisasjonsnummer, kontaktinformasjon samt ei kort og overordna forklaring av kva rettar dei forvaltar og kva medlemer dei har.

På bakgrunn av innsende opplysingar vurderer Patentstyret om organisasjonen fell inn under lova sin definisjon av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, og om den er etablert i Noreg. Tilsvarande gjeld for andre juridiske personar som blir omfatta av tilsynet, for eksempel medlemsorganisasjonar og uavhengige forvaltningseiningar.

Registreringsopplysingane vil etter kvart vere tilgjengelege på Patentstyret sine nettsider.

Oversikt over kollektive forvaltningsorganisasjoner og medlemsorganisasjoner som er registrert hos Patentstyret. Denne siden vil bli løpende oppdatert.

Godkjenningsordning – avtalar med avtalelisensverknad

Patentstyret skal behandle søknader om godkjenning av organisasjonar som kan inngå avtalar med avtalelisensverknad. Avtalelisensverknad inneber at dersom det blir inngått ein avtale med ein representativ kollektiv forvaltingsorganisasjon, blir avtalen utvida til også å gjelde dei rettshavarane som ikkje er medlem av organisasjonen.

Patentstyret overtek godkjenningsordninga frå Kulturdepartementet med verknad frå 1. juli 2021.

Vilkåra for godkjenning er ikkje endra sjølv om ansvaret for ordninga er flytta til eit anna myndigheitsorgan.

Endringa i godkjenningsordninga vil berre få verknad for nye og framtidige avtaleområde.
Dette inneber at allereie godkjente avtalelisensorganisasjonar ikkje treng å søkje om ny godkjenning på gjeldande avtaleområde, forutsett at vilkåra for godkjenning framleis gjeld.

Klagar
Klagar over enkeltvedtak i samband med godkjenningssøknader skal sendast til Klagenemnda for mediesaker (Medieklagenemnda).

Andre godkjenningsordningar etter åndsverklova: Kulturdepartementet er godkjenningsorgan

For dei andre godkjenningsordningane i åndsverklova som gjeld innkrevjing og fordeling av tilleggsvederlag, vederlag for offentleg framføring og overføring til publikum av lydopptak og følgjerettsvederlag, er Kulturdepartementet godkjenningsorgan.

Ordninga etter lov om avgift til Det norske komponistfond er også underlagt Kulturdepartementet.

Overgangsreglar

Lova tre i kraft 1. juli 2021.

Overgangsreglane er fastsetje ved kgl.res. 28. mai 2021 med heimel i lov 28. mai 2021 nr. 49 om kollektiv forvalting av opphavsrett mv. § 55.

Føresegner i lova som krev vedtak på årsmøtet, vil ikkje gjelde før gjennomføring av første ordinære årsmøte etter 1. juli 2021. Plikta til å utarbeide openhetsrapport etter § 36 gjeld ikkje for rekneskapsår som er starta før 1. juli 2021.

Registreringsplikta i § 52 gjeld ikkje før 1. september 2021.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Patentstyrets kundesenter.

Lovtekstar og regelverk

Lov om kollektiv forvalting av opphavsrett mv.
Forskrift til lov om kollektiv forvalting av opphavsrett mv.
Lov om opphavsrett til åndsverk (åndsverklova)
Prop. 53 L (2020-21)
Patentstyrelova

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettarmultiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden («direktivet om kollektiv rettsforvalting»).
Direktivet om kollektiv rettsforvalting: 2014/26/EU

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: