Prioritetsdokument og stadfestingar

Du kan bestille og få tilsend prioritetsdokument og stadfesting elektronisk med stempel og underskrift av Patentstyrets direktør.

Eit prioritetsdokument er ein kopi av dei fyrste dokumenta som blei levert saman med søknaden din.

Ei stadfesting er ein kopi av varemerke-, design- og patentsøknader eller rettar som finst i registeret vårt.

Bestilling og betaling

Bruk dette skjemaet i Altinn for å bestille og betale prioritetsdokument og stadfesting av varemerke-, design- og patentsøknader eller rettar.

Bestillinga må betalast med Visa, MasterCard eller BankAxess ved innlevering. Så snart vi har behandla bestillinga, sender vi deg eit elektronisk prioritetsdokument eller stadfesting.

Ved bruk av skjemaet sender vi normalt kopiane innan 5 vyrkedagar etter at vi har motteke bestillinga. Ved hastebestillingar kan dette spesifiserast i skjemaet.

Alternativ måte å bestille kopiar

Du kan også bestille kopiar ved å sende ein e-post til: post@patentstyret.no, for eksempel dersom du ikkje har norsk personnummer. Du må samtidig overføre 300 kroner til bankgirokontoen vår 8276 01 00192. Vi fakturerer ikkje dette beløpet.

Ved bestilling via e-post sender vi normalt kopiane innan 10 vyrkedagar etter at vi har motteke betalinga.

Ikkje på papir

Vi vil ikkje lenger sende deg prioritetsdokument og stadfestingar på papir. Dersom du er ein Altinn-kunde hos oss vil vi sende dokumenta via Altinn. Dersom du ikkje er ein Altinn-kunde vil vi sende dokumenta via e-post.

Vi gjer unnatak for ikkje allment tilgjengelege søknader, dei blir sende via Altinn eller på papir.

Ønskjer du ei papirutskrift av dokumentet, kan du sjølv skrive det ut.

Varemerkesaker

Klassane for varemerkesaker er på norsk. Vi omset ikkje klassane til engelsk sidan det kun er den norske varianten som er gyldig i Noreg. Viss du har behov for ein engelsk versjon, kan du sende ei omsetjing av klassane til oss saman med bestillinga di og vi vil bekrefte at omsetjinga er riktig.

For å finne dei riktige engelske klassane, anbefaler vi at du bruker produktveljaren. Dette verktøyet kan brukast til å omsetje valde termar frå norsk til engelsk og omvendt. Du vel dei aktuelle varene og tenestene i produktveljaren og trykker lagre/oversett. Den norske teksten blir da oversett til engelsk. 

Pris 

  • prioritetsdokument / stadfesting: 300 kroner

Kopiteneste

Vi kan også levere kopiar av søknadar og andre saksdokument.
Meir informasjon om kopitenesten

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: