
Sikre rettane dine: Hugs å registrere lisensar, pantsettingar og overdragingar i Patentstyret sine register
Oversikt over innhald på sida
- Kvifor er det viktig å registrere lisensar, pantsetjingar og overdragingar i Patentstyret sine register?
- Rettar knytt til patent: hovudregel om «førstemann til å registrere»
- Kravet til god tru
- Finst det tilsvarande kollisjonsreglar for varemerke og design?
- Gir registrering av overdragingar, pant og lisensar i Patentstyret sine register meir omfattande rettar enn du hadde frå før?
- Rettstypar som kan få rettsvern ved registrering hos Patentstyret
- Kven kan registrere slike rettar?
- Slik registrerer du rettane dine
- Slik ser du kva for rettar som allereie er registrerte
- Har du behov for profesjonell rådgjeving?
- Har du andre spørsmål?
- Relevant regelverk
Kvifor er det viktig å registrere lisensar, pantsetjingar og overdragingar i Patentstyret sine register?
Sjølv om du var den første som fekk overdratt eit patent eller eit registrert varemerke, eller fekk pantsett eller stifta ein lisensavtale, betyr ikkje dette nødvendigvis at din rett vil gå føre viss det seinare skulle oppstå ein rettskollisjon. Med «kollisjon» meiner vi tilfelle kor det er etablert konkurrerande, uforenlege rettar. Registrerer du retten din i Patentstyret sine register, står du sterkare enn om du ikkje gjer det.
Kollisjonar mellom rettar kan oppstå på fleire forskjellige måtar. Ein patenthavar eller varemerkehavar kan for eksempel ha gjeve to kolliderande, eksklusive lisensar til det same patentet eller varemerket. Andre gonger kan innehavaren av eit patent gå konkurs, eller kreditorane til ein innehavararen kan ønskje å ta utlegg i patent- eller varemerkeretten.
Viss ein varmerkehavar patenthavar har gjeve eksklusive lisensar til fleire ulike personar som ikkje veit om kvarandre, kan det oppstå spørsmål om kven som eigentleg har lisensrettane til varmerket eller patentet.
Har du fått ein lisens til eit varemerke eller patent frå eit selskap som seinare går konkurs, vil varemerket eller patentet som utgangspunkt inngå i konkursbuet. Er ikkje lisensen registrert i registera våre, kan ein mogleg konsekvens bli at konkursbuet ikkje treng å ta omsyn til lisensen. Det er altså ein risiko for at du kan miste retten din.
Det er derfor viktig å registrere rettar du får så raskt som mogleg i registera våre.
Patentstyret registrerer ikkje pant, lisensar eller overdragingar på eige initiativ. Det er altså den enkelte sitt ansvar å melde rettsforhold inn til oss, slik at vi kan føre det inn i registera våre.
Rettar knytt til patent og varemerke: Hovudregel om «førstemann til å registrere»
1. juni 2015 vart patentlova endra slik at det blei mogleg å pantsetje patent, patentsøknader og patentlisensar særskild (tidlegare var det berre mogleg å pantsetje dette som del av såkalla driftstilbehøyrspant).
Les meir om kva særskild pantsetjing av patentrettar inneber
Ei motsvarande endring i varemerkelova trådde i kraft 1. mars 2023. Registrerte og registreringssøkte varemerke samt lisensar til slike rettar, kan no også særskild patentsetjast. Les meir om kva særskild pantsetjing av varemerkerettar inneber.
Samtidig kom det inn kollisjonsreglar i patentlova. Reglane slår blant anna fast at ved kollisjon mellom frivillig overdragingar av ein patent- elelr varemerkerett, stifting og overdraging av avtalelisens, pantsetjing som nemnt i patentlova § 4-11, og utlegg og arrest, går som hovudregel ein rett som er kravd registrert i Patentstyret sine register føre rettar som ikkje er kravd registrert same dag eller tidlegare.
Fleire krav om registrering som er motteke hos Patentstyret same dag, er likestilde. Utlegg og arrest går likevel føre andre rettar. Er fleire utleggsforretningar og arrestforretningar motteke til anmerking same dag, går den eldste føre.
For at ein rett som er stifta ved avtale skal kunne stå seg overfor konkurs, er hovudregelen at retten må vere registrert i Patentstyret sine register seinast dagen før konkurs blir opna for at retten skal kunne stå seg.
At rettar går tapt etter kollisjon, kallest på jusspråk for «ekstinksjon». Dette inneber at du mister rettar utan at du har samtykka til det.
Ved registrering i Patentstyret sine register kan du oppnå det som blir kalla «rettsvern» - vern mot ekstinksjon.
Kollisjonsreglane i patentlova gjeld berre for rettar som blei stifta 1. juli 2015 eller seinare og kollisjonsreglane i varemerkelova gjeld berre for rettar som blei stifta 1. mars 2023 eller seinare.
Kravet til god tru
Når ein nyare, frivillig etablert rett knytt til eit patent eller varemerke blir kravd registrert hos oss før ein eldre rett (rett som blei stifta tidlegare), følgjer det av regelen om «førstemann til å registrere» at den nyare retten vi gå føre den eldre. Dette gjeld likevel berre dersom innehavaren av den nyare retten ikkje kjende eller burde kjenne til den eldre retten. Dette omtalast som kravet til «god tru».
Vi kan sjå kravet om god tru som ein føresetnad for at hovudregelen om «først til å registrere» skal gjelde.
Kravet i patentlova og varemerkelova om god tru for nyare rettar gjeld berre ved frivillig etablerte rettar. Som utgangspunkt gjeld kravet altså ikkje ved utlegg, arrest eller konkurs. Noko anna kan likevel gjelde etter andre reglar/avtalar (sjå for eksempel dekningslova § 5-9).
Finst det tilsvarande kollisjonsreglar design?
Frivillig overdraging av ei designregistrering eller utferding av lisens som er blitt innmeld til registrering, går i kollisjonstilfelle føre overdraging eller utferding av lisens som ikkje er eller først seinare blir innmeld til registrering, dersom vedkommande rettshavar ved innmeldinga var i god tru. Denne regelen gjeld berre for rettar som er stifta 1. juli 2015 eller seinare.
Det er ikkje mogleg å pantsetje design særskild.
Gir registrering av overdragingar, pant og lisensar i Patentstyret sine register meir omfattande rettar enn du hadde frå før?
Som nemnt ovanfor vil registrering kunne gi deg såkalla rettsvern, altså vern mot seinare rettskollisjonar. Utover dette gir ikkje registrering større rettar enn du hadde i utgangspunktet. Vi seier ofte at det «underliggjande rettsforholdet» er avgjerande. Viss du for eksempel har fått lisens til sal av eit patentert produkt i Oslo, vil ikkje registrering av denne lisensen gi deg rett til sal i resten av landet.
Den som krev ein rett registrert i registera våre, har også ansvaret for at den underliggjande retten er gylding, og for at nødvendige opplysningar og/eller dokumentasjon blir sendt inn slik at ein faktisk oppnår rettsvern ved registrering. Patentstyret har i utgangspunktet inga granskingsplikt og legg normalt til grunn opplysningane og/eller dokumentasjonen vi mottek frå innsendaren.
Rettstypar som kan få rettsvern ved registrering hos Patentstyret
Du kan registrere følgjande typar rettar i Patentstyret sine registre med rettsvernsverknader:
- overdraging av designregistrering, patent/patentsøknad og registrert varemerke/varemerkesøknad
- overdraging av supplerande vernesertifikant for legemiddel (SPC)
- lisens i design- , varemerke- og patentrettar
- pantsetjing som nemnt i pantelova § 4-11 og overdraging og frampantsetjing av slik pantsetjing som nemnt i pantelova § 4-11
- utlegg i design-, varemerke- og patentrettar
- arrest i design-, varemerke- og patentrettar
Kven kan registrere slike rettar?
Som hovudregel registrerer Patentstyret rettar som nemnt ovanfor etter krav frå ein av partane i avtaleforholdet.
For utlegg og arrest er det kun namsmyndigheiten som kan krevje registrering hos oss.
Slik registrerer du rettane dine
Du registrerer rettane dine hos oss ved å bruke skjemaa nemnt i lenkjene nedanfor om overdraging, lisensar og pant.
Skjema i PDF-format sender du som korrespondanse i Altinn. Viss du ikkje kan bruke Altinn, kan du sende skjemaet via e-post til post@patentstyret.no eller via posten til Patentstyret, Postboks 4863 Nydalen, 0422 Oslo.
Krav om registrering som blir sendt inn eller levert i papirformat og kjem inn til Patentstyret innan klokka 14.00 ein vyrkedag, blir ført inn i registeret under den datoen kravet er kome inn. Viss kontortida er slutt føre klokka 14.00, må kravet vere kome inn innan kontortidas slutt for at det skal bli ført inn i registeret under denne datoen. Krav som kjem inn seinare enn nemnt ovanfor, blir innført under neste vyrkedag.
Overdraging og lisensar: skjema, rettleiing og praktisk informasjon. Registrering av overdragingar og lisensar er gratis.
Pant: skjema,rettleiing og praktisk informasjon. Her finn du også prisar for registrering av pant.
Slik ser du kva rettar som allereie er registrerte
Vil du undersøkje om det allereie er registrert pant eller lisensar på eit patent, eller kven som står oppført som innehavar av eit varemerke? Då kan du bruke søkjetenesta vår.
Når du har søkt opp og funne retten du ønskjer å undersøkje, vil du ved å følgje oversikta på venstre side i nettlesaren kunne finne den relevante informasjonen.
Har du behov for profesjonell rådgjeving?
Korleis immaterielle rettar står seg ved ein rettskollisjon, for eksempel ein konkurs, kan reise fleire og komplekse spørsmål.
I denne artikkelen har vi sagt noko om utgangspunkta og hovudreglane. Vi har ikkje teke for oss alle nyansar eller unnatak, og vi har heller ikkje gått inn på korleis for eksempel avtaler, andre rettsreglar eller andre forhold kan påverke resultatet.
Mange synest derfor at det er nyttig å søkje råd frå ein profesjonell rådgjevar som har kunnskap om immaterialrett og konkurs. Patentstyret har i samarbeid med Innovasjon Noreg laga nettsida IPRhjelp-no, kor du blant anna kan finne ei oversikt over rådgjevarar som jobbar med immaterielle rettar. Rådgjevarane kan gi deg råd om kva du bør gjere i den konkrete saka di.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt på telefon 22 38 73 00 viss det er noko du lurer på. Vi svarer gjerne på spørsmål om regelverket knytt til immaterielle rettar og korleis dine rettar kan registrerast i registera våre.
Relevant regelverk
- Pantentlova §§ 44 og 44 a
- Varemerkelova §§ 56a og 56b (lenke til lovdata)
- Pantelova §§ 4-11 og 4-12
- Tinglysingslova
- Dekningslova § 5-9
- Forskrift om betalingar mv. til Patentstyret og KFIR § 2a
Lenkjene blir opna i Lovdata.