Skjema

Oversikt over skjema til Patentstyret.

Søk varemerke, design eller patent

Det er fleire ting du bør tenkje på før du leverer søknaden din. Våre søknadsvegvisar leier deg gjennom søknadsprosessen.
Varemerke: Søk varemerke i Noreg 
Patent: Søk patent i Noreg
Design: Søk designregistrering i Noreg

Andre elektroniske skjema

Bruk Altinn for sikker innlevering. Du får kvittering umiddelbart.
Dersom du ikkje kan bruke Altinn av ulike grunnar, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no.

Skal du sende oss brev i ein søknad eller registrering?
Bruk: skjema for korrespondanse i Altinn.

Melding til Patentstyret om overføring, fusjon eller endring av namn/adresse/fullmektig
Bruk skjema i Altinn dersom du skal gjere endringar i gjeldande varemerke-, design- og patentsøknader eller rettar.

Bestilling av prioritetsdokument og stadfestingar
Bruk skjemaet i Altinn for bestilling av prioritetsdokument og stadfestingar frå Patentstyret.

Søk ansvarsmerke for gull-, sølv- og platinavarer
Bruk skjema i Altinn for søknad om ansvarsmerke.

Søk fellesmerke, utradisjonelt varemerke (og varemerke) 
Bruk søknadsskjema i Altinn:  Søknad om varemerke.
NB for vanlege varemerke: Dersom du ønskjer kort saksbehandlingstid tilrår vi søknadsvegvisarane omtalte øvst på denne sida.

Søk varemerke, design eller patent i Altinn
Du kan også søkje varemerke, design eller patent direkte via Altinn, men vi tilrår søknadsvegvisaren omtalte øvst på denne siden. 
Varemerke: Søknad om varemerke
Design: Søknad om design
Patent: Søknad om patent

Ikkje-elektroniske skjema

Vi har fleire skjema i PDF- og ODT-format nedenfor. Skjema har separate rettleiingar
NB: Det er dessverre ikkje mogleg å fylle ut og lagre skjemaet elektronisk.

Patent

Varemerke

Design

Ansvarsmerke for gull-, sølv- og platinavarer

Andre skjema

Andre skjema: engelsk versjon

For å sjå ei samla oversikt over skjemaa på engelsk, sjå den engelske versjonen av denne sida.

NB: Søknadar og dokument skal ikkje sendast til en namngitt saksbehandlar eller til kundesenteret.

ODT-format
Skjema i ODT-format (OpenDocument Tekst) kan du åpne og redigere i alle OpenOffice-kompatible program (inkludert Windows, Mac, Unix og Google Docs.) Skjemaet kan du lagre og sende inn med vanleg post, eller som vedlegg til ein e-post. For å åpne filer i ODT-format, må du bruke programvare som støtter dette formatet. Du kan laste ned denne programvaren gratis frå OpenOffice.

PDF-format
Skjema i PDF-format må du sende inn via vanleg post til Patentstyret fordi informasjonen på skjemaa ikkje kan lagrast. Du kan også skrive ut ferdig utfylt skjema, skanne det inn og leggje ved fila som vedlegg til ein e-post eller som korrespondanse i Altinn. 

Viss skjemaet skal sendast direkte til Patentstyret, skal du ta ei utskrift, underteikne og sende dette til ein av Patentstyret sine offisielle adresser.

Døme på avtalar

På nettstaden iprhjelp.no finn du døme på forskjellige avtalar, som for eksempel fortrolighetsavtale/taushetsavtale, lisensiering og arbeidstakaroppfinning.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: