300 000 varemerke i Noreg

23. oktober 2018: Talet på veremerke i Noreg aukar stadig, og i september 2018 godkjende Patentstyret varemerke nr 300 000.

Artikkelen først publsert i innomag.no av Torill H. Henriksen.

Sidan 1911 har Patentstyret registrert varemerke i Noreg, og i september 2018 nådde vi 300 000 godkjende varemerke. Seksjonssjef i Design- og varemerkeavdelinga, Solrun Dolva, fortel at det er ei stadig auke i varemerke.

– Sidan 1999 har det kome inn 100 000 nye varemerke, seier ho.

Gode klassikararar

Dei siste fem åra har talet på søknadar stege med 30 %, og Patentstyret mottek kvar månad over 650 søknadar for nye varemerke. 70 % av desse går rett til godkjenningsprosessen, mens dei siste treng litt redigering, og nokon blir avslegne.

I hovudsak er det små og mellomstore norske verksemder som ligg i søknadsbunken, i tillegg til nokre store selskap, som igjen har ganske mange varemerke, slik som Tine og Norgesgruppen. Dei tronar på toppen i talet på varemerke.

– I tillegg har vi dei siste åra sett ei stor auke i varemerke frå bryggerier etter at mikrobrygging blei populært, fortel Dolva.

Men sjølv om det stadig kjem nye varemerke, har vi også nokre gode klassikarar å sjå tilbake på, som framleis er på marknaden. Freia vart registrert for sjokolade allereie i 1910, Sætre for kjeks i 1915 og Norrøna for sko i 1908.

– Og Smørbukk-karamellen har vore registrert heilt sidan 1936, fortel Dolva.

Å ha eit registrert varemerke kan:

  • gjere verksemda di meir attraktiv for samarbeidspartnarar og investorar
  • bidra til å førebyggje konfliktar om rettar til namn
  • brukast som eit bevis i ein konflikt, f.eks. om når varemerket blei laga

Lettvint vegvisar

Fordi det er mange små verksemder som søkjer om vermerke, har Patentstyret ei forenkla søkjeordning for å gjere det lettare og meir effektivt, kalla Søknadsvegvisaren. Det er ei alt-i-eitt-løysing kor søknadsskriving, innsending og betaling gjerast samtidig.

Det var gjennom Søknadsvegvisaren varemerke nr 300 000 blei godkjend. Registreringsnummeret blei gitt til selskapet UKAP i Trondheim, som har tatt i bruk namnet UKAP for "Sjømat, leiing av og rådgjeving for forretningsprosessar og forsikrings-, utviklings-, analyse- og rådgjevingstenester innan teknikk."

UKAPS grunnleggar Stein Ove Østvik, fortel at det var utruleg lett å søkje om varemerket. 

– Det krev jo at ein gjer arbeid i forkant og sjekker at namnet ikkje er i bruk, men sjølve Søknadvegvisaren var vedig enkel å bruke, og det gjekk utruleg fort, fortel Østvik.

Gull eller chips?

Men det er også fallgruver innanfor varemerke, og det kan oppstå både store og små konfliktar rundt eit varemerke.

– Nokre av dei varemerkekonfliktane som har fått stor merksemd i Noreg er jo blant anna krangelen om The Thief, som blei registrert av nokon andre like før Petter Stordalen lanserte hotellet. I tillegg var det lenge krangel om ordet «potetgull», fortel Dolva.

Saka om kven som fikk bruke nemninga «potetgull» og kven som måtte trøste seg med «potetchips», hamna til slutt i Høgsterett, kor det i 2016 vart foreslått at Kims også no kunne bruke ordet «potetgull» fordi det er blitt så innarbeidd i det norske språket at Maarud ikkje hadde einerett på det.

I år har det også vore mykje snakk om rettane til eit bandnamn, etter at bandet Highasakite ikkje vart samde om kven som hadde retten til namnet etter at dei braut samarbeidet i 2016.

– Det er viktig å avklare slikt i forkant, kven eig varemerket og kven kan bruke det viss det skjer eit brot, forklarer Dolva. Ho påpeiker også at det kan vere viktig å vere tidleg ute, og søkje om varemerke lenge før lansering.

Det er ikkje berre namn og logoar som kan vere eit varemerke. Dolva fortel at også lydar, fargar, smakar og lukter kan fungere som eit varemerke, men at det ikkje er vanleg i Noreg, og at det ikkje finst nokon registrerte smak- eller luktvaremerke i Noreg i dag. 

– Kravet er at det må kunne gjenskapast og publiserast. Det har vore tilfelle av produsentar som har søkt om varemerke på spesielle fargar, knytta til produktet, fortel ho.

Eit av tilfella er astmainhalator-produsenten GSK, som ønskjer å ha einerett til fargen lilla for legemiddel, men som tapte i Høgsterett.

Har du tenkt å søkje om varemerke? Her er nokre gode tips på vegen:

1. Eit varemerke må ha særpreg for å kunne registrerast. Du får derfor ikkje registrert merke som berre beskriv produktet ditt som til dømes «Bergen lys & interiør» for sal av møblar.
Les meir om dette på sida «Kva kan du registrere som varemerke?»

2 . Før du søkjer, sjekk Varemerkeregisteret om varemerket er registrert allereie. Det er kjedeleg å bruke tid og pengar på å lansere eit varemerke, for så å oppdage at nokon andre har eit liknande namn eller logo. Det er også lurt å sjekke om det er registrert liknande føretaksnamn og om domenenamnet er ledig. Dette kan du gjere i eitt søk ved hjelp av Namnesøk - namnesok.no.

3. Vurderer du å lansere varemerket internasjonalt, er det lurt å sjekke om det finst hindringar i andre land. Det kan du gjere ved eit søk i den internasjonale søkjetenestaTMview.

4. Tenk på kva du skal bruke varemerket til. Kva for produkt (varer eller tenester) tilbyr du? Det er også lurt å tenkje på kva du skal bruke varemerket til noko framover i tid.

5. Viss dykk er fleire eigarar/brukarar av varemerke, bør dykk ha ein klar avtale dykk imellom slik at det ikkje blir ei konflikt om rettar i ettertid.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: