Deling og samanslåing av varemerkesøknad
Kvifor blir ein søknad delt?
Viss Patentstyret nekter å registrere ein søknad for delar av vareforteikninga, kan du som søkjar be om at søknaden skal delast. Dette inneber at varemerket blir registrert for dei varene og tenestene som merket er registrerbart for. Saksbehandlinga vil fortsette som normalt for den resterande vareforteikninga.
Når kan du krevje dette?
Dette kan du krevje når som helst under søknadsbehandlingai Patentstyret, og mens søknaden er under behandling i Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR).
Deling av registrerte varemerke
Du som innehavar kan krevje ein deling av det registrerte varemerke ditt når til dømes delar av vareforteikninga skal overførast til ny innehavar.
Du kan krevje at varemerket ditt (så lenge det framleis er gyldig) blir delt i to eller fleire registreringar. Du kan også krevje at ein tidlegere avdelt registrering blir seinere helt eller delvis slått saman igjen.
Korleis går du fram?
Send inn kravet om deling eller samanslåing skriftleg til Patentstyret. Du kan også sende inn kravet via Altinn.no. Da må du bruke skjemaet for korrespondanse til Patentstyret (PS-002).
Krav til deling av ein varemerkesøknad
- Eit krav om deling av ein varemerkesøknad skal innehalde det opphavlege søknadsnummeret og opplysningar om kva varer og/eller tenester den opphavlege, og den (eller dei) nye søknaden (søknadane) skal omfattast.
- Du må betale eit gebyr til Patentstyret for kvar ny søknad. En slik ny søknad kallast som ein avdelt søknad.
- Ein avdelt søknad kan ikkje omfatte varer og tenester som ikkje var omfatta av den opphavlege søknaden. Dei avdelte og den opphavlege søknaden kan heller ikkje omfatte same varer og tenester.
Krav til deling av ei varemerkeregistrering
- Eit krav om deling av ei varemerkeregistrering skal innehalde det opphavlege registreringsnummeret og opplysningar om kva varer og/eller tenester den opphavlege og den (eller dei) nye registreringa (registreringane) skal omfatte.
- Du må betale eit gebyr til Patentstyret for kvar ny registrering. Ei slik ny registrering kallast ei avdelt registrering.
- Ei avdelt registrering kan ikkje omfatte varer og tenester som ikkje var omfatta av den opphavlege registreringa. Den avdelte og den opphavlege registreringa kan heller ikkje omfatte same varer og tenester.
Krava til samanslåing av avdelte søknader og registreringar
- Kravet skal innehalde søknads- eller registreringsnummer, nummeret på den søknaden eller registreringa at han skal slåast saman med, og kva for varer og/eller tenester den samanslåtte søknaden eller registreringa skal omfatte.
- Viss du som søkjar krev delvis samanslåing, må kravet innehalde kva for varer og/eller tenester som skal inngå i den søknaden eller den registreringa som varer og tenester overførast til.
- Du må betale eit gebyr til Patentstyret.
Spesielt om deling og samanslåing av internasjonale varemerkeregistreringar
Frå 1. mars 2023 er det høve til deling og samanslåing av internasjonale varemerkeregistreringar kor Noreg er utpeika, jf. varemerkeforskrifta §§ 51 a og 51 b.
Krav om deling eller samanslåing av internasjonale registreringar skal leverast til Patentstyret, og ikkje direkte til WIPO (World Intellectual Property Organization).
Du kan først krevje deling frå tidspunktet Patentstyret har fått notifikasjon frå WIPO om at Noreg er utpeika i den internasjonale registreringa.
- Krav om deling som blir levert mens den internasjonale registreringa er under behandling, skal oppfylle dei same vilkåra som gjeld for deling av nasjonale varemerkesøknader, jf. forskrifta sine §§ 18 og 19.
- Krav om deling som blir levert etter at den internasjonale registreringa er gitt verknad i Noreg, skal oppfylle dei same vilkåra som gjeld for deling av nasjonale varemerkeregistreringar, jf. forskrifta sine §§ 20 og 21.
- For krav om samanslåing av tidlegere avdelt internasjonal registrering gjeld vilkåra i forskrifta sine § 22 tilsvarande.
Viss vilkåra for deling eller samanslåing er oppfylde, skal Patentstyret sende melding til WIPO om merkning av delinga eller samanslåinga i det internasjonale registeret.
Du må betale gebyr til Patentstyret. For merkning av deling skal du også betale avgift til WIPO.
Kva viss vilkåra ikkje er oppfylte?
Viss vilkåra for deling eller samanslåing ikkje er oppfylte, får du som innehavar frist for å uttale deg. Du får også ein frist for å rette manglane viss det er mogleg. Viss du ikkje retter opp manglane innan fristen, vil vi kravet, men med moglegheit for gjenopptaking.
Viss du ikkje betalar gebyret innan fristen, er det ikkje mogleg til å rette mangelen. Søknaden blir da henlagt.
Kva kostar det?
Du finn avgifta for deling og samanslåing av ein varemerkesøknad i avsnittet "Andre avgifter" på sida om prisar.
Relevante avgjerder
Lenkjene går til Lovdata
- Varemerkelova § 23
- Varemerkeforskrifta §§ 18-22
- Betalingsforskrifta §§ 11-13