Du har fått ein rett

Kor lenge varar registreringa?

Registreringa varar i 10 år. Deretter må du betale ei fornyingsavgift kvart 10. år for å oppretthalde registreringa di. Viss du ikkje betalar dei nødvendige avgiftene, opphøyrer ho. Les meir om fornying

Endringar i registreringa

Viss det har skjedd endringar i registreringa, til dømes namn, adresse, endring av innehavar eller fullmektig, må du melde dette skriftleg til oss før du fornyar registreringa. Bruk skjema i Altinn for melding om endringar.

Lisensiering

Du kan lisensiere ut varemerket ditt, slik at andre kan bruke det kommersielt. Dermed kan du nå ut til nye marknader og få andre til gjere marknadsførings- og salsarbeidet. Det er mykje brukt i samband med kjende filmar og seriar, der kjende figurar og logoar vert brukt på "spin-off"-produkt som leiker, klede, sengetøy osv. Varemerke kan også lisensierast inn, ved at du betalar for rettane til å bruke andre sine merke. Les meir om lisensiering

Følg med på konkurrentar

Det kan vere interessant å følgje med på kva andre gjer, til dømes konkurrentar. Ved å bruke søkjetenesta vår kan du setje opp ei eiga varsling som gir deg melding når valde aktørar leverer inn søknader, eller når det skjer noko i valde vare- og tenesteklasser.

Kva skjer viss du blir kopiert?

Har du oppdaga at andre brukar eit varemerke som likner ditt eige, for same eller liknande varer eller tenester? Dette kan vere ei krenking av dine rettar. Du kan ta kontakt med den andre parten og forklare synet ditt. Det er lurt å ta skriftleg kontakt som du seinare kan dokumentere. Du bør leggje ved en kopi av registreringa di og be den andre parten om å stoppe bruken av varemerket. I mange høve kan du lykkast med det når du kan dokumentere at du har einerett til varemerket.

Viss den andre parten ikkje er einig med deg eller ikkje tar omsyn til retten din, kan du gå til søksmål for domstolane. Da bør du ta kontakt med ein advokat som er spesialist på immaterielle rettar. Ein dokumentert rett i form av varemerkeregistrering vil bety mykje i ei eventuell rettssak.

For ei oversikt over spesialistar på immaterielle rettar og kva dei kan hjelpe deg med, kan du sjå rådgivarbasen på nettsida iprhjelp.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: