Endringar i betalingsforskrifta – frå tre klassar til éin
Frå tre til éin vare- og tenesteklasse
I dag omfatta søknadsgebyr og fornyingsavgift for varemerke og fellesmerke tre vare- eller tenesteklassar, og deretter gjelda det eit tilleggsgebyr/-avgift per ekstra vare-/tenesteklasse.
Frå 1. mars 2023, ble dette endret til at søknadsgebyret og fornyingsavgifta berre omfattar éin vare-/tenesteklasse, og så gjeld det tilleggsgebyr/avgift per ekstra klasse utover éin, sjå betalingsforskrifta §§ 9 og 14. Tilsvarande gjeld òg for forundersøkingar.
For søkte og registrerte merke med vern i meir enn éin vare- og tenesteklasse, inneber dette at det samla gebyret/avgifta for registrering/fornying blir høgare enn før. Formålet med endringa er å unngå at nokon søkjar eller held oppe vern for varemerket i fleire klassar enn det blir eller skal bli brukt for («clogging» av systemet).
Ingen endringar i avgifts- og gebyrsatsane
Det er ingen endringar i avgifts- og gebyrsatsane. Gjeldande satsar er oppført i betalingsforskrifta §§ 9 og 14.
Sjå også Patentstyrets prisliste for varemerke
Betaling
Viss du leverer inn søknaden før 1. mars, gjeld dei gamle reglane. Det er nok at søknaden kjem inn før 1. mars og at du betaler fakturaen. Søknader levert inn før 1. mars skal handterast etter gamle reglar.
Dei nye reglane i varemerkelova § 33 fyrste ledd om fornying gjeld berre for varemerkeregistreringar som går ut meir enn eitt år etter at lova tre i kraft. Dette betyr at innehavar kan fornye registreringar som går ut seinast 1. mars 2024 i perioden frå 1. mars 2023 fram til 1. mars 2024. Registreringar som går ut 2. mars 2024 kan derimot fyrst fornyast frå og med 2. september 2023 osv.
Les meir om endringar i reglar om fornying av varemerker
Oppdatering av prislister
Fleire endringar i regelverk for varemerke
Frå 1. mars 2023 tredde endringane i varemerkelova og varemerkeforskrifta i kraft, i tillegg til betalingsforskrifta. Endringane byggjer på EU sitt varemerkedirektiv, 2015/2436.
Frå same tidspunkt tiltrer Noreg også Singaporetraktaten.