Endringar i reglar om fornying av varemerke
Fornying seks månader før utløpet av registreringsperioden
Før 1. mars 2023 kunne ein krevje fornying tidlegast ett år før og seinast seks månader etter utløpet av registreringsperioden. Dette er endra til at fornying kan krevjast tidlegast seks månader før utløpet av registreringsperioden.
Før 1. mars har vi sendt ut varsel om fornying to månader før utløpet av registreringsperioden. Dette er endra til at varsel om fornying blir sendt ut seks månader før utløpet av registreringsperioden.
Overgangsreglar
Dei nye reglane i varemerkelova § 33 første ledd om fornying gjeld berre for varemerkeregistreringar som går ut meir enn ett år etter at lova tredde i kraft. Dette betyr at innehavar kan fornye registreringar som går ut seinast 1. mars 2024 i perioden frå 1. mars 2023 fram til 1. mars 2024. Registreringar som går ut 2. mars 2024 kan derimot først fornyast frå og med 2. september 2023 osv.
Fornying for berre delar av varelista
I dei nye reglane blir det gjort tydeleg at fornying kan skje for delar av dei varene og tenestene som registreringa gjeld for. Det vil seie at innehavaren kan velje å behalde varemerket for nokre varer eller tenester, men ikkje for resten.
Frå tre til éin vare- og tenesteklasse
Fornyingsavgifta omfatta tidlegere tre vare- og tenesteklassar, og deretter ei tilleggsavgift per ekstra klasse utover tre. Dette er endra til at fornyingsavgifta berre omfattar éi vare-/tenesteklasse, og for kvar klasse utover éi gjeld det tilleggsavgift per klasse.
Formålet med desse reglane er å unngå at nokon opprettheld vernet for varemerket for fleire varer og tenester enn det blir brukt for («clogging» av systemet).