Hemmeleghald i varemerkesøknader
Praktiseringa vår av hemmeleghald i varemerkesøknader.
Varemerkesøknaden med vedlegg og dokument er normalt tilgjengeleg for alle.
I samsvar med varemerkelova § 25 andre ledd er det likevel mogleg å be Patentstyret om å halde opplysningar om forretningshemmeligheter unna offentlegheita. Opplysningar som er relevante for om eit varemerke kan registrerast eller som betyr noko for omfanget av vernet til varemerket, kan ikkje unntakast offentlegheita.
Viktig: ver klar over at et endeleg avslag på forespurnad om unntak av bestemte opplysningar frå offentlegheita vil medføre at dei aktuelle opplysningane blir offentleggjorde.
- Sjå varemerkelova § 25 andre ledd (lenka går til Lovdata)
- Les meir om hemmeleghald og teieplikt
(Endringen vart først publisert 4. januar 2011)