Lydmerke, bevegelsesmerke og merke som er ein farge eller ein kombinasjon av fargar

Reviderte retningslinjer ved innlevering av lydmerke, bevegelsesmerke og merke som er ein farge eller ein kombinasjon av fargar, gjeldande frå 1. februar 2009.

Vi vil presisere at desse retningslinjene er ei skildring av gjeldande praksis og inneber derfor ingen endringar.

Lydmerke

For merke som berre er meint å oppfattast med hørselen (lydmerke), og som kan gjengjevast ved hjelp av noter, må søkjaren levere ei gjengiving av lydbiletet i eit notesystem og ei klar og entydig beskriving av lydbiletet i reine ord (grafisk gjengiving).

En beskriving kan til dømes angi kva gjenstandar eller instrument som nyttast for å få fram lyden eller dei aktuelle lydene, kva eit musikkstykke heiter, gjengi teksten som lesast eller syngast - evt. saman med ei omsetjing, osv.

Vi ber i tillegg søkjaren om å sende inn ei lydinnspeling på eit eigna medium og i eit eigna format - til dømes i mp3-format eller anna tilsvarande ope format.

For lydmerke som ikkje kan gjengivast ved hjelp av noter, kan levering av til dømes ei ordbeskriving, lydprøve, sonogram, onomatopoietikon (lydmalande ord) eller ein kombinasjon av desse oppfylle kravet til grafisk gjengiving.

Ei lydinnspeling vil gjere det lettare for Patentstyret og tredjemenn å danne seg ei oppfatning av merket.

Rørslemerke

Rørslemerke er merke som består av ein sekvens av biete som endrar seg over et nærmare avgrensa tidsrom, til dømes ein film som viser ei handling.

Søkjaren må levere så mange bilete at det klart og eintydig framgår kva endringar som skjer i merket i det avgrensa tidsrommet. Bileta skal vere nummererte i tidsrekkefølgje og vere ledsaga av ei klar og entydig skildring av kva biletesekvensen viser og kva som endrar seg over tid (grafisk gjengiving). Maks tal på bilete er 16. Forklaringa skal alltid oppgi det totale talet på bilete i sekvensen, visningshastigheita (kor mange bilete per sekund) og sekvensen si totaltid.

I tillegg tilrår vi at søkjaren også leverer ein film e.l. for å vise endringa / rørsla i merket. Denne må du levere på eigna medium og/eller i eit eigna format, så som MPEG eller JPEG.

Ein film vil gjere det lettare for Patentstyret og tredjemenn å danne seg ei oppfatning av merket. 

Lydmerke og rørslemerke i kombinasjon

Her gjeld retningslinjene nemnt over fullt ut for merket sine respektive bestanddelar.

Merket er ein farge eller ein kombinasjon av fargar

For søknad om registrering av ein farge som varemerke, må søkaren levere ei gjengiving av fargen og ei skildring av fargen med ord (grafisk gjengiving).

For søknad om registrering av ein fargekombinasjon som varemerke, må søkaren levere ei gjengiving av fargane og ei skildring av fargane med ord (grafisk gjengiving).

Fargen eller fargane skal vere klart og eintydig angitt, med allment aksepterte (leksikale) termer - til dømes "azurblå" og "burgunderraud". I tillegg må du leggje ved ein referanse til kode(r) og/eller nemning(ar) som er i samsvar med eit allment brukt og internasjonalt anerkjent system for koding eller namngiving av fargar - eksempelvis fargekodesystemet Pantone®.

Patentstyret gjer merksam på at visninga av fargen på dataskjerm og i registerutskrifter vil kunne avvike frå fargan(e) slik denne/desse framstår i den opprinnelig leverte søknaden. Avvik kan skyldast eigenskaper ved den innleverte fargeprøven, kvalitet på skanner, val av lagringsformat og oppløysing, skjermkvalitet, kvalitet på skriver og blekkvalitet, kvalitet på printerpapir, m.v.

Ved manglande samsvar mellom den opprinneleg innleverte gjengivinga av fargen og fargen slik den er gjengitt i Patentstyret sin database, er det den opprinneleg innleverte fargegjengivinga som gjeld.

Ved manglande samsvar mellom den opprinneleg innleverte fargegjengivinga og den medfølgjande beskrivinga, vil beskrivinga som utgangspunkt ha forrang.

(Endringa vart først publisert 27. juni 2012)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: