Nye rutinar for fristforlenging
Endringa er ein del av Patentstyret sitt arbeid med å effektivisere og forenkle søknadsprosessen for varmerke i Patentstyret. Ny praksis gjeld frå og med 1. juni 2018.
Nye rutinar
- Alle fristforespurnader blir besvart med eit brev med ny svarfrist.
- 1. og 2. frist: ikkje krav om grunngiving. Kvar frist er på seks månader.
- Frå og med 3. frist: fristforespurnad må grunngivast.
- Kvar fristforlenging frå og med 3. frist er på tre månadar.
- Totalt tal på fristforlengingar som Patentstyret innvilkger, blir vurdert konkret ut frå den enkelte saka.
- Ny praksis gjeld både nasjonale og internasjonale varemerkesøknadar.
Fristforlenging for å sende inn fullmakt er fortsatt ein månad. Denne blir berekna frå utløpet av den opphavlege fristen.
Viss du har spørsmål, kan du ringe kundesenteret vårt på telefon +47 22 38 73 00.