Oppmoding om å trekkje ein søknad

Frå 1. mai 2012 endra Patentstyret saksbehandlingsrutinane i saker kor søkjar ønskjer å trekkje søknaden. Endring gjeld alle fagområde.

Oppmoding om trekkjing med formelle manglar vil bli avvist

Ei oppmoding om å trekkje ein søknad vil bli avvist viss den inneheld formelle manglar som gjer at vi ikkje kan utføre trekkjinga.

I avvisningsbrevet som blir sendt avsendaren vil vi informere om kva som må gjerast for at søknaden skal kunne trekkjast.

Søknadsbehandlinga vil fortsette inntil vi eventuelt mottek en ny oppmoding om å trekkje søknaden.

Ver merksam på dato for trekkjing av søknaden

Det er viktig å merke seg at datoen for trekkjing av søknaden blir lik inndatoen for den oppmodinga om trekkjing som faktisk fører til at trekkjinga kan gjennomførast.

Dette kan særleg bety mykje stor for patentsøknadar kor ei oppmoding om å trekkje søknaden kjem tett opp til datoen kor søknaden vil bli gjort allment tilgjengeleg.

Manglande fullmakt = formell mangel

Den vanlegaste grunnen til at vi må avvise ei oppmoding om å trekkje ein søknad, er at han manglar fullmakt.

Ein person som sender inn ei oppmoding om å trekkje ein søknad på vegner av søkjar, må leggje ved ein fullmakt frå søkjar. Viss fullmakt manglar, vil dette bli rekna som formell mangel og oppmodinga om trekking vil bli avvist. 

Andre formelle manglar ved trekkjing av ein søknad kan vere:

  • manglar ved fullmakta (ikkje oppgitt namn på søkjar eller fullmektig, manglar/feil søknadsnummer)
  • trekkjingskravet er ikkje underteikna av alle søkjarane, viss det er fleire 
  • trekkjingskravet sendast inn av ein annan enn søkjar eller fullmektig
  • trekkjingskravet er uleseleg eller uforståeleg
  • søknaden som blir kravd trukke er henlagt eller endeleg henlagt

Spørsmål

Viss du har spørsmål knytta til dette, ta kontakt med kundesenteret vårt:
tlf +47 22387300.

(Endringa vart først publisert 21. august 2012)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: