Praksisendring for villeiande varemerke
Endringa tek utgangspunkt i varemerkelova § 15 første ledd bokstav b:
§ 15.Varemerke som strir mot offentlege interesser
Eit varemerke kan ikkje registrerast dersom det:
b) er eigna til å villeie, for eksempel med omsyn til vara eller tenesta sin art, eigenart eller geografiske opphav
Patentstyret si vurdering
Når Patentstyret vurderer om eit varemerke er villeiande for varene og/eller tenestene med tanke på geografisk opphav, er det ikkje lenger avgjerande kva adresse søkjar eller innehavar har skrive i søknaden eller i den internasjonalen registreringa.
Det avgjerande for vurderinga er om varemerket er villeiande med tanke på geografisk opphav for dei konkrete varene eller tenestene i varelista. Det avgjerande er altså ikkje om søkjar si adresse gjer merket villeiande for varene eller tenestene, men om varemerket er villeiande for den konkrete varelista.
Eksempel
- Eit varemerke som inneheld teksten FRANKRIKE er søkt for «ost». Søkjar er frå eit anna land. Tidlegare ville Patentstyret nekta merket registrert fordi merket er eigna til å villeie den vanlege forbrukaren (gjennomsnittsforbrukaren) til å tru at osten er frå Frankrike når den ikkje er det. Etter ny praksis vil merket ikkje bli nekta registrert for den aktuelle varelista. Men, dersom varemerket som inneheld teksten FRANKRIKE er søkt for «ost frå Sveits», vil merket blir nekta registrert fordi det er villeiande for varene i den aktuelle varelista.
- Det same gjeld for norske stadnamn. Dersom eit varemerke inneheld teksten VOSS og merket er søkt for «sauekjøt», skal vi ikkje innvende at det er villeiande sjølv om søkjar har adresse ein annan stad i Noreg (eller i eit anna land).
Dersom varemerket inneheld ei verna geografisk opphavsnemning, må det framkome i varelista at varene (eller tenestene) har tilstrekkeleg tilknyting til den aktuelle staden for at merket kan registrerast for søkjarar med adresse på ein annan geografisk stad.
Harmonisering
Med denne endringa er norsk praksis i harmoni med praksis frå blant anna EUIPO (europeisk varemerke- og designmyndigheit) og Danmark.
Når tre endringa i kraft?
Praksisendringa gjeld frå 20. mai 2019.
Varemerke som er under behandling og som er førebels nekta på grunn av tidlegare praksis, vil bli vurdert etter ny praksis ved ei eventuell fornya vurdering i normal saksbehandling.
Spørsmål?
Dersom de har spørsmål om praksisendringa, ta kontakt med Mariane Folkestad-Giry eller Knut Andreas Bostad.
Ring kundesenteret vårt på +47 22 38 73 00.