Varemerke som ikkje lenger «strider mot lov»
Bakgrunnen for endringa er to avgjerder frå Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR): VM 14/009 og VM 14/010. Sakene gjaldt varemerke som inneheld nemninga «apotek», og spørsmålet var om merka kunne registrerast når søkjer ikkje hadde bevilling for apotekdrift. Klagenemnda kom til at manglande konsesjon ikkje skulle vurderast som en registreringshindring.
Patentstyret har tatt dette til etterretning, og vil ikkje lenger be om dokumentasjon for at varemerkesøkjer har konsesjon eller løyve til å bruke «apotek» og tilsvarande nemningar. Eit varemerke som inneheld ord som til dømes APOTEK, BANK og BØRS vil ikkje lenger bli nekta med den begrunninga at dei «strider mot lov».
Patentstyret vil i framtida ikkje bruke varemerkelova § 15 første ledd bokstav a samanholdt med lovbestemmelser som til dømes apoteklova § 1-5, børslova § 2–1, forretningsbanklova § 2 og forsikringsvirksomhetslova § 1 - 2 andre ledd som grunnlag for nekting.
Vi vil likevel poengtere at slike varemerke kan nektast registrert av andre grunnar, som at varemerka som heile er beskrivande eller manglar særpreg.
Ta gjerne kontakt med ein av juristane våre for ytterlegere informasjon om praksisendringa.
(Endringa vart først publisert 24. mars 2015)