Viktig informasjon om praksisendringar

På sidene «Endringar i varemerkerutine» gir Patentstyret generell informasjon om praksisendringar for å forklare korleis våre saksbehandlarar tolkar regelverket.

Vi gjer likevel alltid ei konkret vurdering i kvar enkelt sak på bakgrunn av varemerkelova og varemerkeforskrifta. Den informasjonen som du finn på desse sidene kan ikkje gi ei fullstendig oversikt, men den vil i nokon grad illustrere korleis søknadsbehandlinga blir utførd slik at den blir einskapleg og føreseieleg.

Informasjonen utgjer inga forskrift i forvaltingslova sin forstand. Varemerkeregelverket speglar EØS-rettslege forpliktingar, og vi legg stor vekt på harmonisering. I den einskilde varemerkesøknaden vil likevel utfallet kunne vere forskjellig frå resultatet hos andre myndigheiter på grunn av dei faktiske forholda.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: