Fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke
Fellesmerke
Eit fellesmerke skal kunne brukast av alle medlemene i ei samanslutning. Merket skal kunne skilje medlemene sine varer og tenester frå varene og tenestene til andre verksemder.
Ei foreining eller anna samanslutning av produsentar, tenesteytarar eller andre næringsdrivande, samt offentlegrettslege rettssubjekt, kan oppnå einerett til å bruke eit slikt merke for varene og tenestene sine.
Garanti- eller kontrollmerke
Eit garanti- eller kontrollmerke skal vise at varer og tenester er kontrollerte eller sertifisert med omsyn til for eksempel materiale, produksjonsmetode eller kvalitet. Merket skal kunne skilje kontrollerte varer og tenester frå varer og tenester som ikkje har vore underlagt slik kontroll.
Myndigheit, stifting, selskap og einkvar annan kan oppnå einerett til å bruke eit slikt merke. Innehavaren av merket kan likevel ikkje sjølv drive næringsverksemd med omsetning av dei varene eller tenestene kontrollen gjeld.
Tidlegare ordningar
Fram til 1. mars 2023 var «fellesmerke» eit samlenamn for dei to typane av merke. I søkjetenesta vil derfor eldre merke berre ha nemninga «fellesmerke».
Du finn eksempel på registrerte fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke i søkjetenesta vår.
Føresegner for bruken av merket
For å kunne oppnå registrering av denne typen merke, må det vere tilhøyrande føresegner som gjeld for bruken av merket. Føresegnene skal innehalde desse opplysingane:
- kven som har rett til å bruke merket
- vilkåra for medlemskap i samanslutninga
- vilkåra for bruk av merket, medrekna sanksjonar
- merkehavarens plikter til å gjere ansvar gjeldande mot den som brukar merket i strid med føresegnene
- merkehavarens rettar og plikter overfor brukarane, medrekna rett til kontroll, eventuelt ved bestemde kontrollorgan
Dersom merket er eit garanti- eller kontrollmerke gjeld ikkje bokstav b.
Dersomt avgjerdene blir endra etter registrering, må dei endra avgjerdene sendast til Patentstyret for registrering og kunngjering.
Korleis søkje om eit fellesmerke eller garanti- eller kontrollmerke?
For å søkje om eit fellesmerke eller garanti- eller kontrollmerke leverer du ein søknad til Patentstyret. Det er ikkje mogeleg å bruke søknadsvegvisaren vår for fellesmerke eller garanti- eller kontrollmerke.
Lenkje til søknadsskjemaet i Altinn.
Kva kostar det å søkje eit fellesmerke eller garanti- eller kontrollmerke?
Søknadsgebyret for registrering i éin vare- eller tenesteklasse er kr 4 000. Dersom du ønskjer å søkje om vern av merket i fleire klassar, må du betale ei tilleggsavgift på kr 1 650 pr klasse.
Fleire opplysingar om gebyr og avgifter.