Er varemerket ledig? Sjekk andre sine rettar

Før du leverer inn ein varemerkesøknad, er det ein god idé å sjekke om det finst like eller liknande varemerke.

Har andre registrert eit liknande namn eller logo?

Det kan hende du kastar bort både tid og pengar på utvikling og bruk, til dømes ved å trykkje opp reklamemateriale, brevark og liknande. Du kan ikkje registrere eit varemerke som andre allereie har registrert eller søkt om å registrere.

Sjekk Patentstyret si søkjeteneste   
Her finn du alle norske varemerkesøknader og -registreringar. Denne søkjetenesta er gratis og open for alle.

«Namnesøk»: domenenamn, føretaksnamn og varemerke - i eitt søk

Namnesøk.no: gjer det enkelt å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.

Registrer gjerne domenet først, deretter føretak og varemerke. Rekkjefølgja kan vere viktig for å avgrense namnekonfliktar og namnesnapping.

Føretaksnamn: Du kan også sjå på nettsidene til Føretaksregisteret i Brønnøysund for å sjekke om namnet er i bruk som føretaksnamn.

Domenenamn: For å sjå om andre brukar namnet som domenenamn, kan du også sjekke www.norid.no. Norid har ansvar for å halde ved like den sentrale databasen for alle norske domenenamn under .no-domenet. 

Vi kan sjekke for deg

Patentstyret utfører raskt og rimeleg forundersøkingar for deg og kan også vurdere resultata. Forundersøkingar er konfidensielle og kan vere nyttige uavhengig av om du skal sende inn ein søknad om varemerkeregistrering.

Samtykke

Viss merket ditt kan bli forveksla med eit anna varemerke, kan det vere smart å innhente samtykke. Les meir om samtykke

Når blir søknaden din offentleg?

Ver merksam på at søknaden og alle dokument i saka er offentleg allereie frå søknadsdagen. Det kan ikkje haldast hemmeleg at det er søkt om registrering av eit varemerke. Heller ikkje gjengivinga av varemerket eller opplysingar om søkjar eller kva for varar eller tenester det er søkt registrert for, kan krevjast hemmeleghalde.
Les meir om hemmeleghald

Har tenkt å søkje om designvern, bør du derfor gjere dette før du søkjer om varemerkeregistrering, fordi ein søknad om varemerke vil vere å offentleggjere designet.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: