Førebu søknaden - varemerke
Liste over produkt
Søknaden skal innehalde ei liste over alle dei produkta (varene og tenestene) du vil ha varemerket registrert for. Du kan ikkje leggje til fleire produkt etter at du har levert søknaden. Då må du i tilfelle levere ein ny søknad og betale ei ny avgift. Produkt skal klassifiserast etter ei internasjonal klassifiseringsordning som varer og tenester.
Bruk produktveljaren vår til å lage lista
Les meir om klassifisering
Gjengiving av varemerket
Søknaden skal innehalde ei gjengiving av varemerket slik det skal brukast. Etter at du har levert søknaden, kan du berre gjere uvesentlege endringar som ikkje påverker heilskapsinntrykket.
Les meir om ulike typar varemerke
Språk
Varemerkesøknaden og lista over varer og tenester må leverast på norsk. Andre dokument kan vere på dansk, svensk eller engelsk. Patentstyret vil svare alle meldingar på norsk.
Adresse for korrespondanse
Både norske og utanlandske søkjarar må oppgje ei adresse som vi kan sende korrespondanse til. Det gjeld både for najonale og internasjonale søknader, og også for innehavarar av internasjonale registreringar som er gyldige i Noreg. Det er ikkje eit krav om at denne adressa er i Noreg.
Nokre gonger kan det vere behov for å la seg representera av ein fullmektig. I slike høve vil vi sende korrespondansen til fullmektigen si oppgitte adresse.
Du finn ei oversikt over fullmektigar på nettstaden iprhjelp.no Rådgivardatabasen
Les også Profesjonell hjelp i søknadsprosessen
Filformat ved elektronisk søknad
Vel riktig format for å sikre at Patentstyret kan opne dokumenta dine.
Les meir om filformat (PDF-fil)