Kryssgranskingsliste
Kryssgranskingslista gir ei oversikt over varer og tenester i ulike klassar som vi meiner er likearta.
Når vi vurderer om varemerket ditt kan registrerast, må vi finne ut om det er ein risiko for at det kan forvekslast med andre varemerke i varemerkeregisteret vårt. Er varene eller tenestene i vareoversikta di likearta med varer eller tenester som gjeld for eit likt eller liknande varemerke som ditt? Vi brukar kryssgranskingslita som eit hjelpemiddel for å finne svar på dette.
Vi vurderer varer eller tenester som likearta når dei til dømes har fellesskap i produksjon, omsetning, bruk og/eller formål.
Vær merksam på:
- Eventuell likskap mellom varer i same klasse framgår ikkje av kryssgranskingslista.
- Lista er ikkje uttømmande og er kun rettleiande.
- Dokumentet er primært utarbeidd for intern bruk i Patentstyret, men vi har gjort lista tilgjengeleg på nettsidene ettersom ho også kan vere av interesse for deg.
Lenkjer: