Gode grunnar til å registrere eit varemerke
Ei varemerkeregistrering gir deg einerett til å bruke varemerket ditt som eit kjenneteikn for dina varer og/eller tenester. Dersom du hamner i ein konflikt, stiller du sterkare med ei varemerkeregistrering.
Eit varemerke
- representerer identiteten din i marknaden
- kan knyttast til kvalitet og omdøme
- er viktig i marknadsføringa av produkta og tenestene dine
- hindrar at andre brukar eit varemerke som kan forvekslast med ditt for varer og/eller tenester av same eller liknande slag
- aukar konkurransefortrinnet og betrar moglegheita til å tene pengar på produktet ditt
Registrer før du røper namnet
Viss du har funne eit namn til verksemda eller produktet, bør du registrere det som varemerke før du fortel om det til andre. Det finst fleire som har angra på at dei ikkje gjorde det. Les til dømes om The Thief, der eigarane måtte betale dyrt fordi andre søkte først.
Å registrere varemerket ditt er viktig fordi det gir deg ein dokumentert einerett som kan:
- hindre at andre brukar eit varemerke som kan forvekslast med ditt for varer og/eller tenester av same eller liknande slag
- auke konkurransefortrinnet og betre moglegheita til å tene pengar på produktet ditt
- bidra til at du oppnår større marknadsdelar
- gi deg moglegheit til å forhandla om finansiering av utveklingskostnader
- gi deg moglegheit til å inngå sals- og lisensavtalar med andre
- gjere virksomheita di meir attraktiv for samarbeidspartnarar og investorar
- bidra til å førebyggje konfliktar
- brukast som bevis i ein konflikt
NB! Eineretten gjeld berre bruk i næringsverksemd, til dømes bruk av merket på sjølve vara, på innpakninga, i reklame, i forretningsdokument, i munnlege omtale eller på annan måte. Eineretten hindrar ikkje privatbruk.