Patentstyret har eit løpande samarbeid med andre registreringsmyndigheiter i Europa, slik at vi får ein mest mogeleg lik registreringspraksis for varemerke og design i EØS.
For det norske næringslivet er det viktig at likt regelverk for varemerke og design blir praktisert likt i ulike land. Patentstyret deltek derfor aktivt i harmoniseringsprosjekta i regi av EUIPO og dei nasjonale registreringsstyresmaktene i EU.
Som ein del av det pågåande samarbeidet mellom EUIPO (EU si varemerkemyndigheit) og dei nasjonale myndigheitene, har Patentstyret deltatt i eit harmoniseringsarbeid om vurderinga av risiko for forveksling.
Dei nasjonale registreringsmyndigheitene i EU og EU si varemerkemyndigheit (EUIPO) publiserte 2. mai 2013 ei felles utsegn om tolkinga av verneomfanget til varemerke registrert med klasseoverskrifter.
Patentstyret har tidlegare publisert informasjon om korleis klasseoverskrifter i varelista blir vurdert etter EU-domstolen si avgjerd i IP Translator-saka.
The Administrative Board and Budget Committee (ABBC) i EU si varmerkemerkemyndigheit, EUIPO, har gitt si tilslutning til arbeidet som er blitt gjort i klasseoverskriftprosjektet.
Arbeidet i EU sitt Convergence Programme med klasseoverskrifter har resultert i eit felles europeisk standpunkt til bruk av klasseoverskrifter i varemerkesøknadar. Dette medfører endringar for varemerkesøkjarar i heile Europa, og i Noreg. Endringa gjeld frå 1. februar 2014.
Saman med 26 EU-land og EU si varemerkemyndigheit EUIPO, publiserte Patentstyret 20. februar 2016 retningslinjer som vil vere til hjelp for å slå fast når ei forklaring av ei vare eller teneste er tilstrekkeleg klar og presis.
Oslo kommune leverte inn fleire søknader om varemerkeregistrering for Gustav Vigeland sin kunst i 2014. Kommunen fekk godkjent fleire motiv som varemerke, men har fått avslag på andre.
Fann du det du lette etter?
NB: Tilbakemeldingar er anonyme! Ønskjer du svar, ta kontakt med oss på telefon 22 38 73 00 eller post@patentstyret.no
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.