Felles europeiske retningslinjer for klassifikasjon i varemerkesaker

Saman med 26 EU-land og EU si varemerkemyndigheit EUIPO, publiserte Patentstyret 20. februar 2016 retningslinjer som vil vere til hjelp for å slå fast når ei forklaring av ei vare eller teneste er tilstrekkeleg klar og presis.

Retningslinjene har sitt utspring i det felleseuropeiske tolkingsarbeidet som har pågått sidan EU-domstolen ga si rådgivande utsegn i sak C-307/10, IP Translator.

I dokumentet "Felles melding om felles praksis vedrørende godtakbare vare- eller tjenesteangivelser" (PDF) finn du også eksempel på korleis klasseoverskrifter som ikkje er tilstrekkeleg klare og presise, kan presiserast for å bli godteke i varelista. Nokre gonger kan ei vare- eller tenesteforklaring inngå i fleire klassar, og det foreligg nå ein felles tilnærmingsmåte for kva type presisering Patentstyret og dei andre registreringsmyndigheitene vil krevje i desse tilfella.

Retningslinjene kjem i tillegg til retningslinjer og merknader som følgjer av Nice-klassifikasjonen.

Treng du hjelp?

Patentstyret hjelper deg gjerne med klassifiseringsspørsmål som oppstår i saksbehandlinga.

  • Ta kontakt med kundesenteret på telefonnummer 22 38 73 00.

Spørsmål om praksisendringa

Oppdaterte dokument

Følgjande dokument er oppdaterte med nokre mindre endringar:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: