Korleis blir klasseoverskrifter tolka i Europa?
Les meir om dette i "Common Communication on the Implementation of IP Translator" (PDF)
Publiseringa av ei felles oversikt er ein del av ønsket om å harmonisere praktiseringa av varemerkeretten i Europa. I denne samanhengen er omsynet til openheit om praktisering og tolking av regelverket samt føreseielegheit for brukarane satt i høgsetet.
Oversikta visar korleis dei nasjonale registreringsmyndigheitene i EU og EU si varemerkemyndigheit (EUIPO) tolker verneomfanget til varemerkeregistreringar som har blitt registrert med ei klasseoverskrift.
Registreringsmyndigheitenes tolkingar er systematisk framstilt i tabellar, og viser korleis kvar registreringsmyndigheit tolkar bruken av klasseoverskrifter i søknader og registreringar innleverte før og etter EU-domstolen si avgjerd i IP Translator. (Les meir om EU-domstolen si avgjerd)
Sjølv om Noreg ikkje er med i EU, vil du også finne Patentstyret i oversikta. Patentstyret er med i harmoniseringsprosjektet i kjølvatnet av IP Translator-avgjerda, og ser svært positivt på samarbeidet som pågår.
- Tilslutning gitt til klasseoverskriftprosjektet (21. mai 2013)