Patentstyret og IP Translator
I juni 2013 kom EU-domstolen si avgjerd i C-307/10, IP Translator. Saka gjeld korleis varer og tenester skal bli oppgitt i ei vareliste, og har skapt stor interesse og diskusjon i heile Europa. Avgjerda har blant anna ført til at OHIM og enkelte EU-land har kome med nye retningslinjer for kva dei krev av varelista ved innlevering av ein varemerkesøknad.
Patentstyret har fulgt diskusjonane og oppdateringane ute i Europa med interesse, og vi har også delt synspunkta våre på avgjerda i relevante internasjonale fora.
Patentstyret si tilnærming til klasseoverskrifter sitt verneomfang har vore at desse må tolkast i samsvar med ei vanleg språkleg forståing. Vi kan ikkje sjå at EU-domstolen si avgjerd forandrar på dette. Tolkinga av verneomfanget til klasseoverskrifter vil derfor i framtida vere som før: Ei naturleg, språkleg forståing.
EU-domstolen uttalar at varelista må bli oppgitt på ein tilstrekkeleg klar og presis måte, slik at registreringsmyndigheitene og tredjemenn eine og aleine på bakgrunn av varelista kan forstå merket sitt verneomfang.
Patentstyret vil krevje at ei vareliste er klar og presis. Dersom varelista ikkje er klar og presis, vil du motta eit brev om dette med frist til å rette/presisere varelista.
Når det gjeld bruk av klasseoverskrifter i ei vareliste, uttalar EU-domstolen at nokre av klasseoverskriftene må reknast som tilstrekkeleg klare og presise, andre ikkje.
Det gjennomførast for tida eit samarbeidsprosjekt mellom EUIPO, varemerkemyndigheitene i EU-land, Sveits, Noreg og brukarorganisasjonar for å finne fram til kva for opplysningar i klasseoverskriftene som blir rekna som klare og presise.
Patentstyret vil informere om utviklinga vidare.
Vi oppfordrar søkjarar til å søkje merket registrert for dei varene og tenestene det faktisk skal brukast for.
- EU-domstolen si avgjerd i C-307/10, IP Translator
- Les Patentstyret sitt notat til EU-domstolen si avgjerd (PDF)
(først publisert 23.02.2016)