Varemerke i strid med offentleg orden og moral – harmoniseringsprosjekt i EU
I denne artikkelen vil vi ta ein nærmare titt på dei to sistnemnde registreringshindringane – nemleg dei som knyter seg til «offentleg orden» og «moral». Desse gjennomfører varemerkedirektivet artikkel 4 nr. 1, bokstav f, som oppstiller forbod mot registrering av varemerke som er i strid med «public policy» eller «accepted principles of morality». I artikkelen vil vi også presentere eit pågåande harmoniseringsprosjekt som tek føre seg desse føresegnene, med mål om å skape ein meir felles europeisk praksis.
Ei felles europeisk forståing av «offentleg orden» og «moral»?
Registreringshinder for merke som strider mot «moral» og «offentleg orden» blir brukt nokså sjeldan. Når ein jobbar med varemerkerettar i Noreg og i andre jurisdiksjonar med tilsvarande regulering, er det likevel viktig å ha kjennskap til kva denne registreringshindringa inneber og i kva tilfelle dei kan gjere seg gjeldande. Å opparbeide seg slik kjennskap kan nokre gonger vere lettare sagt enn gjort – det kan for eksempel framstå som noko diffust kva som ligg i «offentleg orden», og kva som strider mot «moral» vil ofte kunne vere nokså subjektivt.
Merke som strider mot «moral» er merke som vil oppfattast som støytande eller vekkjer forarging, mens «offentleg orden»-alternativet rettar seg mot merke som er i strid med dei heilt grunnleggjande normene og verdiane til samfunnet. Kva som vil oppfattast som støytande eller som er i strid med grunnleggjande normer vil, naturleg nok, variere frå land til land. Vurderinga skal likevel ta utgangspunkt i dei same vurderingskriteria, og på ei rekkje område vil dei fleste EU/EØS-land antakeleg vere nokså samstemde.
EU-rettspraksis har gitt ei viss rettleiing rundt desse to registreringshindringa, men det har i EU/EØS-landa og EUIPO vore noko uklarleik knytt til kva tilfelle desse to nektingsgrunnane skal ramme, og forholdet og forskjellane mellom dei to. Dette har ført til ein noko ulik praksis i dei europeiske landa, som blant anna kan skape uvisse hos marknadsaktørar i EU/EØS. I lys av dette begynte EUIPO hausten 2021 arbeidet med harmoniseringsprosjektet «Convergence Programme 14» («CP14»). Målet med prosjektet er å kome til ei felles forståing for og vurderingskriterium av merke som strider mot «offentleg orden» og «moral».
CP14-prosjektet blir leidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå registreringsmyndigheiter i medlemsland, EUIPO og brukarorganisasjonar. Nasjonale registreringsmyndigheiter, inkludert Patentstyret, har svart på ei rekkje spørsmål frå arbeidsgruppa. Dette har bidrege til å danne grunnlaget for ei felles europeisk forståing knytt til «offentleg orden» og «moral». Patentstyret har i denne samanhengen blant anna teke stilling til ei rekkje hypotetiske varemerke, og svart på korleis vi forheld oss til ulike aspekt rundt føresegnene for «offentleg orden» og «moral».
Under følgjer eit utval av hypotetiske varemerke og spørsmål Patentstyret har teke stilling til i samband med Convergence Programme 14:

Klasse 25: Klær

Klasse 10: Sexleketøy
Nyttig læring og gjennomgang av praksisen
CP14-prosjektet har gitt Patentstyret eit høve til å ta ein grundig gjennomgang av praksisen vår på dette området. Vårt førebelse inntrykk er at Patentstyret ligg i eit mellomsjikt når det kjem til kva ein nektar og kva ein godtek, samanlikna med andre registreringsmyndigheiter i Europa.
Arbeidet har vore nyttig læring for oss i Patentstyret, og det har blant anna gjort oss meir merksame på forholdet mellom dei to alternativa «offentleg orden» og «moral». Tidlegare har «offentleg orden»-alternativet svært sjeldan blitt brukt av Patentstyret, mens «moral»-alternativet har blitt noko hyppigare brukt. Gjennomgang av praksis i EU viser at «offentleg orden»-alternativet truleg kan vere meir treffande på enkelte former for merke som vi tidlegare har nekta fordi dei strider mot «moral». Dette gjeld for eksempel merke med referansar til cannabis. Cannabis til rekreasjonsbruk er ulovleg i Noreg, men det er ikkje gitt at den gjengse nordmannen blir støtt av ordet «cannabis» eller referansar til dette. Sidan cannabis er eit ulovleg narkotisk stoff, vil likevel varemerke med referansar til cannabis kunne stride mot grunnleggjande prinsipp og normer i Noreg. Dette vil dermed kunne tilseie at det er i strid med «offentleg orden» – eller «public policy» som det heiter i direktivet. Sjå EU-retten sine avgjerder i T-683/18, Cannabis Store Amsterdam, og T-178/20, Bavaria Weed, kor det blei lagt avgjerande vekt på at merka var i strid med grunnleggjande interesser i dei medlemsstatane der bruk av narkotika ikkje er liberalisert, og rekna for å vere i strid med «public policy».
Convergence-programmene er i kjernen av det europeiske samarbeidet innan design- og varemerkeområdet, og bidreg til harmonisering på område der ein ser at praksisen er for ulik, eller kor det er behov for å bli einige om nokre felles utgangspunkt. Patentstyret vil følgje prosessen rundt CP14 vidare, og ser fram til å sjå kva betydning prosjektet vil ha for den europeiske praksisen på området.
Det blir også gjennomført eit tilsvarande Convergence Programme om varemerke registrert i «vond tru». Der har vi også kome med innspel.
Lær meir om varemerke som strider mot «moral» og «offentleg orden»
Lær meir om EU sine harmoniseringsprosjekt på varemerkeområdet