Innarbeiding og bruk av eit varemerke

Eit varemerke som er beskrivande og/eller manglar særpreg kan bli registrert viss varemerket er innarbeidd.

For å få eit varemerke registrert på grunnlag av bruk/innarbeiding, må du dokumenterer at varemerket er «godt kjent som nokon sitt særlege kjenneteikn» i Noreg.

Dokumentasjon

Dokumentasjonen må vise at varemerket er godt kjent i Noreg for dei varene og tenestene som du ønskjer varemerket registrert for. Dette betyr at dokumentasjonen må vise geografisk spreiing for å gi grunnlag for ei landsdekkjande varemerkeregistrering.

Dersom du har brukt varemerket i eit bestemt område, kan du lese meir om lokal innarbeidelse.

All dokumentasjon som viser bruk av varemerket før søknadstidspunktet/ prioritetstidspunktet er relevant.

Dokumentasjonen må vise at omsetningskrinsen oppfattar varemerket som «nokon sitt særlege kjenneteikn». Høgsterett slo fast i avsnitt 57 i høgsterettsdommen Rt. 2005 s. 1601, Gule Sider, at slik dokumentasjon for eksempel kan vere dokumentasjon som viser:

  • Varemerket sin marknadsdel
  • intensiteten i bruk av varemerket
  • korleis varemerket har blitt marknadsført
  • kor mange i omsetningskrinsen som oppfattar varemerket som ei fastsetjing av kommersielt opphav

Det er i denne samanheng viktig å vere merksam på at det skal mykje til for å innarbeide eit beskrivande varemerke. Vi viser til høgsterettsdommen Rt. 2005 s. 1601, Gule Sider, avsnitt 48.

Les meir om bruksplikt - femårsfristen

Lenkje til EU-domstolen si avgjerd:
http://curia.europa.eu/jurisp/cgi-bin/form.pl?lang=enKontakter

Lenkje til EUIPO (EU sitt kontor for varemerke og design):
https://euipo.europa.eu/ohimportal/en/

Regelverk

Sjå varemerkelova §§ 3 og 14

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kundesenteret vårt.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: