Bruksplikt - femårsfristen
Varemerkelova § 37 - Sletting ved manglande bruk av varemerke (Bruksplikt)
På kva tidspunkt begynner "bruksplikta" å løpe (grace period)?
Ei registrering av eit merke inneber visse rettar, jf. varemerkelova §§ 4 og 5. Registreringsvernet kan fornyast for ti år av gongen og kan derfor i prinsippet vare evig, jf. varemerkelova § 32. Registreringsinnehavar kan likevel miste dette vernet viss varemerket ikkje blir tatt i reelt bruk, eller der bruken av merket opphøyrer, jf. varemerkelova § 37. Innehavar treng ikkje ta varemerket i bruk med ein gong registreringa er gjort i Varemerkeregisteret. Føresegna gir innehavar ein periode på fem år, etter at endeleg avgjerd er truffe, før registreringa kan bli begjært sletta. Perioden som på engelsk ofte blir kalla "grace period", kan best forklarast som ein "fredningsperiode" men er også oppgitt som "brukspliktperioden". Først etter denne perioden sitt utløp kan tredjemenn krevje registreringa sletta.
Det foreligg inga plikt til å ta merket i bruk. Nemninga "bruksplikt" er dermed misvisande. Føresegna inneber kun at registreringsvernet kan tapast ved manglande bruk viss nokon krevjer registreringa sletta. Viss ingen angrip registreringa, blir den ståande. Det er derfor viktig, både for innehavar og tredjemenn, å fastslå når denne femårsperioden startar og avsluttast. Innehavar vil kunne fastslå når varemerket seinast må takast i bruk for ikkje å risikere tap av registreringsvernet. Tredjemenn vil kunne fastslå når det tidlegast kan leverast inn eit krav om administrativ overprøving, eller reisast søksmål om sletting. Føresegna gjeld også for internasjonale registreringar, jf. varemerkelova § 72 tredje ledd.
Varemerkelova av 2010
Tidlegare varemerkelov av 1961 § 25a, og forarbeid til endringslova som innførte føresegna, var noko uklar da det i denne føresegna kun blei vist til registreringsdagen. Etter ikrafttreding av gjeldande varemerkelov blei ordlyden endra og forarbeida oppklarer spørsmålet om når tidspunktet for brukspliktperioden startar frå. Gjeldande varemerkelov § 37 viser til "den dagen da endeleg avgjerd om registrering av merket blei truffe".
Varemerkelova § 37
Ei registrering av eit varemerke skal heilt eller delvis slettast ved dom eller ved administrativ overprøving etter §§ 38 til 40 viss merkehavara ikkje innan fem år frå den dagen da endeleg avgjerd om registrering av merket blei truffe, har tatt merket i reell bruk i Noreg for dei varene eller tenestene det er registrert for, eller viss bruken har vore avbrutt i fem år i samanheng. Registreringa skal likevel ikkje slettast viss det foreligg rimeleg grunn for unnlatinga eller avbrytinga.
Som bruk av varemerket etter første ledd blir rekna også bruk av merket i ei form som berre skil seg frå den forma det er registrert i ved enkeltheiter som ikkje endrar særpreget, og bruk av merket i Noreg på varer eller emballasjen for eksport. Som merkehavar sitt bruk blir også rekna bruk som ein annan gjer med samtykke frå merkehavaren.
Ei registrering skal ikkje slettast viss bruk av varemerket startast eller gjenopptakast etter utløpet av femårsperioden, men før det er reist søksmål eller framsatt krav om administrativ overprøving for å få registreringa sletta. Det skal likevel ikkje takast omsyn til bruk i dei siste tre månadene før søksmål blir reist eller krav om administrativ overprøving blir framsett, viss førebuing til bruken er innleia først etter at merkehavaren har fått kjennskap til at søksmål kan bli reist eller krav om overprøving framsett.
Det avgjerande blir dermed å fastslå når "endeleg avgjerd" foreligg.
I merknad til § 37 på side 68 i Ot.prp. nr. 98 (2008-2009), framgår det:
"Viss det kjem inn motsegn mot registreringa etter § 26, forligg endeleg avgjerd om registrering først når motsegnssaka er endeleg avgjort, og femårsfristen for å ta varemerket i bruk går i så fall først frå dagen for slik endeleg avgjerd. Kjem det ingen motsegner, er registreringsavgjerda endeleg når motsegnsfristen på tre månader er gått ut."
Reelle omsyn tilseier at perioden ikkje skal starte før innehavar har ei rimeleg oppfatning om at registreringsvernet er oppnådd med endeleg verknad, sjå liknande vurdering i Oslo tingrett RG-2005-597, TOP SHOP. Innehavar vil ha ei slik rimeleg oppfatning den dagen det ikkje lenger kan bli innlevert motsegn mot registreringa eller den dagen avgjerda ikkje lenger kan påklagast. Dette stemmer med forarbeidene som viser til motsegnsfristen sitt utløp. Dette tilseier at ein også legg til grunn klagefristen sitt utløp i dei sakene dette skulle vore aktuelt.
Etter at den nye varemerkelova er i kraft, vil ikkje dommen frå Oslo tingrett i sak nr. TOSLO-2006-68675, PRO ACTIVE, gi utrykk for gjeldande rett.
Patentstyret legg til grunn at "ikkje-bruksperioden", "brukspliktsperioden", "femårsfristen" eller "grace period" startar på følgjande tidspunkt:
Registrering og motsegn:
- Det kjem ingen motsegn mot registreringa:
Perioden startar tre månader etter kunngjeringa av registreringa, jf. motsegnsfristen sitt utløp, sjå varemerkelova § 26.
- Det blir innlevert motsegn mot registreringa:
Bruksplikta startar to månader etter den dagen Patentstyret si avgjerd blei sendt ut, jf. klagefristen til Klagenemda[1], sjå varemerkelova § 50. Viss avgjerda blir påklaga, se punkt 4.
- Motsegnssak der motsegna blir trukke:
Perioden startar på avgjerdstidspunktet for Patentstyret si hevingsavgjerd eller seinast to månader etter at melding om at motsegn er trukke kom inn til Patentstyret, jf. varemerkeforskrifta § 25.
- Avgjerd som påklagast til Klagenemnda:
- avgjerda kan ikkje bringast inn for domstolane, jf. varemerkelova § 52 tredje ledd: Perioden startar den dagen da meldinga om avgjerda blei sendt vedkommande part.
- avgjerda kan bringast inn for domstolane, jf. varemerkelova § 52 andre ledd:
Perioden startar to månader etter den dagen da meldinga om avgjerda blei sendt vedkomande part. Det blir forutsett her at avgjerda ikkje bringast inn for domstolane, i motsatt tilfelle, sjå punkt 6.
- Klagen fråfallast under behandlinga i Klagenemnda:
Same som under punkt 3, sjå varemerkeforskriften § 52.
- Klagenemnda si avgjerd bringast inn til domstolane, jf. varemerkelova § 52 andre ledd og § 62 første ledd bokstav a. I motsegnssaker startar perioden når rettskraftig dom foreligg.
Klage over nektingssaker (ex officio), jf. varemerkelova § 24:
I saker der Klagenemnda eller høgare instans opphever ei avgjerd om å avslå ei registrering, blir søknaden sendt tilbake til Første avdeling for registrering. Perioden begynner på tidspunkta angitt i punkta 1-6, jf. over. Klagenemnda eller høgare instans foretek ingen registreringsavgjerd, berre ei avgjerd om at Patentstyret si registreringsnekting var feil. Den formelle registreringa og kunngjeringa av merket gjer Patentstyret.
Krav om administrativ overprøving og sjølvstendige søksmål:
Vi kan ikkje sjå at eit krav om administrativ overprøving eller eit sjølvstendig ugyldigheitssøksmål etter varemerkelova § 35, jf. § 40 og § 62 første ledd bokstav b betyr noko for beregninga av perioden. Perioden må ta utgangspunkt i tidspunkta oppgitt i punkta 1-6, jf. over.
Perioden skal blir rekna frå den dagen da endeleg avgjerd "om registrering av merket" blei truffe. Dette må bli forstått som å omhandle den opphavlege avgjerda om å registrere merket, ikkje ei seinare avgjerd om gyldigheita av registreringsbeslutninga. Reisast det eit slikt krav eller søksmål i den første femårsperioden, vil ei forsøming av å bruke merket på grunn av dette forholdet eventuelt vere eit moment i vurderinga av om det foreligg ein rimeleg grunn for forsøminga.
Sist oppdatert 14. mars 2013.
Har du spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med juridisk seniorrådgivar Tord Hestenes.
[1] Det visast til Lov 22. juni 2012 nr. 58 om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (Patentstyrelova), med ikrafttredingsdato 1. april 2013. Lova erstattar Lov 2. juli 1910, Lov om Styret for det industrielle Retsvern (Styrelova). Med den nye lova opphøyrer Patentstyrets annen avdeling. Det nye klageorganet heiter "Klagenemnda for industrielle rettar" (Klagenemnda). Tidspunkta ovanfor blir regulert av varemerkelova og vil derfor ikkje bli påverka av endringa.