Dokumentasjon på varemerke
Viss merket er brukt i ein relativt kort tidsperiode, bør bruken ha vore meir intens enn om ein kan vise til langvarig bruk.
Korleis er merket brukt?
Døme på dette er eit ordmerke, kombinert merke, tredimensjonalt merke eller sekundært forretningskjenneteikn.
Søkjaren eller innsigaren må vise kva som er brukt eller innarbeidd. I utgangspunktet må dokumentasjonen vise merket slik det er søkt, men nyare praksis åpner for at eit merke kan oppnå særpreg også der bruken er skjedd i samanheng med andre element, jf. EU-domstolen C-353/03, Have a Break (Have a Kit Kat), premiss 32. Dette medfører at eit tredimensjonalt merke i visse tilfelle kan oppnå særpreg gjennom bruk, sjølv der bruken er skjedd i samanheng med eit ordmerke eller eit figurelement. Dette er typisk tilfelle der merket består av vara eller emballasjen si form, og det systematisk er påførd eit ordmerke som det er marknadsført under, jf. EU-domstolens C-24/05 Storck I, premiss 59.
For kva varer er merket brukt eller innarbeidd?
Vern gjennom innarbeiding eller bruk får ein berre for dei varene og/eller tenestene som merket er brukt eller innarbeidd for. Dette må gå fram av dokumentasjonen, jf. EU-domstolens T-262/04 Bic, premiss 71.
Omfanget av bruken
Med dette meiner vi intensitet og varigheit på bruken.
Bruken si geografiske utstrekning
For at bruk skal få betyding for særpregvurderinga må merket vere brukt i store delar av landet. Ei lokal innarbeiding kan berre begrunne ein tilsvarande lokal einerett, og gir derfor ikkje grunnlag for å registrere varemerket med verknad i heile Noreg, jf. Annen avdeling si avgjerd nr. 7475, Louis Vuitton.
Lokalt innarbeidde varemerke kan derimot utgjere ei registreringshindring for ein etterfølgjande søknad.
Som hovudregel bør det meste av bruken/innarbeidinga ha skjedd i Noreg, men dokumentasjon på bruk eller innarbeiding i utlandet kan bety noko for utfallet av saka. Det avgjerande er at bruken har medført at merket blir oppfatta som eit varemerke i Noreg. Dokumentasjon som berre viser bruk eller innarbeiding i utlandet vil normalt ikkje vere tilstrekkeleg.
Tidspunktet for når bruken eller innarbeidinga må vere gjennomført
For at eit merke skal kunne registrereast må det vere særprega både på søknadstidspunktet og på registreringstidspunktet, jf. Rt. 2005 s.1601, Gule Sider, premiss 41. Dette inneber at bruken må ha skjedd før søknaden blei innlevert og dette må framgå av dokumentasjonen. Bruk etter dette tidspunktet vil ikkje bli tillagt vekt. unntak kan tenkast for marknadsundersøkingar og forskjellige erklæringar som er gjorde kort tid etter søknadstidspunktet, fordi dei vil kunne vise kjennskap til merket føre innleveringa av søknaden.