Lokal innarbeiding av eit varemerke
Dette er blant annan slått fast av Patentstyrets anna avdeling i sak nr. 7220, Arendals bryggjeri.
Lokalt innarbeidde varemerke har likevel vern mot merke som kan forvekslast. Dette betyr at du kan hindre andre i å registrer ditt lokalt innarbeidde varemerke.
For å hindre andre i å registrere ditt lokalt innarbeidde varemerke kan du sende inn ein protest under søknadsbehandlinga eller ei motsegn innan tre månader etter at varemerket blei kunngjort registrert.
Les meir om protest og motsegn på sida om «Klageordningar».
Viss du sender inn ein protest eller ei motsegn, må du dokumentere at du har ein innarbeidd varemerkerett. Det er viktig å vere merksam på at Patentstyret deretter gjennomfører ei vanleg vurdering av merka kan forvekslast når vi vurderer om eit varemerke er i strid med eit innarbeidd varemerke.
Viss varemerket har vore kunngjort i over tre månader, er motsegnsfristen gått ut. I slike tilfelle kan du ikkje sende inn krav om at registreringa er ugyldig på bakgrunn av ditt lokalt innarbeidde varemerke.
Regelverk
Sjå varemerkelova §§ 16 og 35. (Lenkja går til Lovdata).